Tykkjer du det er skummelt å bli vaksen? Har du nokon gong verkeleg tenkt over kvifor?

Oslo, sommar 2014: Karin Estensen (23) og Anja Fredriksen (24) ruslar roleg over Akershus festning. Sommarferien nærmar seg slutten, og kvinnene skal snart tilbake til jobbane i skulefritidsordninga. Til ansvar og vaksenliv. Eg nærmar meg forsiktig.

Unnskyld, kan eg stille eit enkelt spørsmål?

Det kan eg.

Er de vaksne?

– Ja, svarar dei resolutt, begge to. Men så kjem det:

– Eller…

Oslo, sommar 2011: Psykologistudent Erik Stubberød Eielsen syklar heim frå byen.

Han er 31 år og har feira bursdagen til ein ven av seg. No svingar han innom skulen der han gjekk på vidaregåande, og ser tilfeldigvis lappen på oppslagstavla der det står «Revymøte i storefri». Noko skjer. Han kjenner åra som har gått, og åra som kjem. Det trykkjer i brystet. Erik pustar fortare og fortare og bryt ut i gråt.

«Jeg er livredd» skriv psykologen i masteroppgåva «Om det skumle ved å bli vaksen», som han leverte i februar. Der brukar han sitt eige liv for å sjå nærare på kvifor det er så skremmande å bli vaksen.

Karin Estensen (23) og Anja Fredriksen (24) vil bli vaksne i sitt eige tempo. Dei kjenner seg både vaksne og ikkje-vaksne på same tid. Foto: Tora Hope

LES OGSÅ: Visste ikkje at dei skal stemma

Vil bli vaksen i sitt eige tempo
Ungdom i Norden har i dag den lengste overgangen frå barn til vaksen i Europa, melde NRK for nokre år sidan. – 30 er det nye 20, og «meg»-generasjonen ser verda som sin leikeplass, sa ungdomsforskar Christian Hyggen ved Norsk institutt for forsking på oppvekst, velferd og aldring (NOVA) til NRK.

Attende på Akershus festning trekkjer Karin og Anja på det. Dei er eigentleg ikkje heilt einige med seg sjølve i om dei faktisk er vaksne i det heile teke.

– Eg er ikkje vaksen på alle område. Eg bur for meg sjølve, jobbar og tener mine eigne pengar. Men eg har ikkje barn, og eg likar framleis å feste og ha det gøy, seier Anja.

– Ja, er ein til dømes vaksen om ein bur i kollektiv, spør Karin.

– Kanskje ein er vaksen når ein klarar seg sjølve, og ikkje er avhengig av nokon andre, føreslår ho.

LES OGSÅ: – Må ta psykisk helse på alvor

Fire vilkår
Stubberød Eielsen valde å skrive ei utradisjonelt personleg masteroppåve, om noko han sjølv stod midt oppi. Målet er å bringe eit annleis perspektiv til bordet.

Det heile byrja då han leste boka Eksistensiell Psykoterapi av Irvin D. Yalom, ein amerikansk professor i psykiatri.

– Det kjentest som at ting eg hadde stått i gjennom 10-15 år endeleg fall på plass. Eg ville vidareformidle ideane til Yalom, utdjupar Erik.

Yalom står for eit perspektiv som ifølgje psykologen er nokså fråverande i norsk terapi, i psykologiundervisninga, og i våre daglege samtalar. Den amerikanske professoren hevdar mennesket er dømt til å leve med fundamental angst. Denne angsten er knytt til fire vilkår, som ingen av oss kan unnsleppe: at vi skal dø, at vi er «dømt» til fridom, at vi er åleine, og at livet i utgangspunktet er meiningslaust. Erik knyt det skumle ved å bli vaksen til den verkelege og djupe erkjenninga av desse vilkåra.

LES OGSÅ: 1 av 12 er arbeidsnarkomane

Store spørsmål og dystre svar
Kvar av desse temaa inneheld ei konflikt, som vi ikkje kan løyse. Konflikten om isolasjon handlar om at mennesket ønskjer kontakt og nærleik, men er likevel isolert. Halldis Moren Vesaas seier det slik:

«Du går frem til mi inste grind, og eg går frem til di. Innanfor den er kvar av oss einsam og det skal vi alltid bli.»

Når det gjeld døden ønskjer vi å leve, men vi veit at vi skal dø. Når det kjem til meiningsløyse, så er vi meiningssøkande vesen som er kasta inn i eit univers utan meining. Og når det kjem til fridom, så kan fridommen og ansvaret for sjølv å skape meining og struktur vere lammande, fordi vi ikkje har noko fasit, alternativ utelukker kvarandre og vi har berre eitt liv.

– Kanskje er dette noko vi kjenner ekstra sterkt i vår generasjon, der vi veks opp i eit samfunn med materiell overflod og tilsynelatande endelause moglegheiter, seier Erik.

– Verden er for stor for meg. La meg forsvinne i deg, syng Jan Eggum. Å oppleve det å bli vaksen som skummelt, er allmennmenneskeleg, ifølgje Erik Stubberød Eielsen.

LES OGSÅ: – 18-åringar er slett ikkje vaksne

Befriande
I sommarvarme Oslo er ikkje Anja og Karin så uroa over å bli vaksne.

– Det er ikkje noko eg tenkjer mykje på, seier Karin.

– Det er litt skummelt, meiner Anja.

– Andre byrjar å få forventingar til deg. Nokre meiner det er på tide at eg giftar meg og får barn, til dømes, ler ho.

Dei har god tid til det, meiner dei.

– Eg vil bli vaksen i mitt eige tempo, slår Anja fast.

Eg kjenner at det er ukomfortabelt å skulle spørje Anja og Karin om død, isolasjon, fridom og meiningsløyse. Det er vel ikkje det ein vil tenkje på når ein ruslar rundt, siste feriedag. Dei dystre temaa får liggje, og eg gjer som Erik vil unngå: fortrenger det.

Men for den nyutdanna psykologen er ikkje desse temaa berre dystre.

– For meg var det befriande å sjå Yalom setje ord på det som murra i medvitet mitt, men som eg sjølv fortrengde. Det er skremmande å erkjenne desse vilkåra. Yalom meiner at mange terapeutar unngår desse spørsmåla, kanskje fordi dei sjølv kan ha eit uavklårt forhold til dei, seier han.

LES OGSÅ: Hjerneceller forklarar dårleg søvn

Nettopp difor syns psykologen det er viktig å snakke om dei grunnleggjande konfliktane.

– Det er eit perspektiv eg saknar i livet generelt, når menneske møtast og vi snakkar saman. Vi er kanskje redd for å gå inn i det, og det verkar meir komfortabelt å la vere. Samstundes trur eg det kan vere ein lettelse å snakke om desse temaa. Det var i alle fall ein lettelse for meg å lese Yalom. ”Ja, sånn er det!”, tenkte eg ofte medan eg leste boka hans. Den opplevdast veldig sann.

Erik er oppteken av at vi skal fortrenge mindre og lytte meir.

– Kanskje trenger vi ikkje alltid gje råd, korkje terapeutar eller i våre nære relasjonar. I staden for å seie «kan du ikkje berre gjere slik eller slik» når nokon har det vanskeleg, så kan ein kanskje ha som ideal å vere meir lyttande. For meg har refleksjonar kring desse teamaa leia til nye spørsmål, knytt til korleis eg brukar tida mi og kva type relasjonar eg ønskjer å ha, forklarar han.

LES OGSÅ: Barneteikningar kan avsløra IQ

Mot til å bli vaksen
Erik er ikkje så kynisk at han let oss hengje i mørkret, reflekterande over død, meiningsløyse, isolasjon og fridom. I den personlege masteroppgåva kjem han med ei forsiktig oppmoding til korleis ein kan møte desse spørsmåla: Mot, eller evna til å halde fram trass fortvilinga.

– Det krever mot å forlate den barnlege posisjonen, og konfrontere det skumle ved å bli vaksen. Samstundes er det viktig å understreke at mot kan vere så mykje. Mot treng ikkje vere på Nelson Mandela-nivå får å ”telje”. Det avgjerande er at personen utfordrar seg sjølv til å gjere noko, som for han eller henne er nytt. Og då kan ein tilsynelatande liten ting vere ei handling av aller største viktigheit.

Snart vert det forhåpentlegvis bok om det skumle ved å bli vaksen.

– Ein verdi ved å tore å konfrontere dei grunnleggjande konfliktane, er at ein kanskje også torer å gjere meir av det ein har lyst til, i staden for å utsetje det. Yalom har påverka meg til å tenkje igjennom slike spørsmål, og tore å gjere ting eg syns er veldig skummelt, fortel psykologen.

Om du no kjenner deg att i denne skildringa av det skumle ved å bli vaksen, tenk litt på dette:

Brukar du tida di på det du har mest lyst til?

Tek du store nok sjansar?

Korleis ser forholdet ditt til dine nærmaste ut?

Kanskje er det ikkje så ille å bli vaksen likevel.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54
ANNONSE