– Isbadinga startar om sommaren, seier Jannicke Lyngøy. No oppmodar ho alle om å halda fram med å bada. Men eksperten er skeptisk.

Lillian Sivertsen, Nordhordland
Lillian Sivertsen, Nordhordland

Artikkelen vart først publisert hos Nordhordland

Belønninga er ei intens kjensle av eufori og varme i kroppen.

– Eg badar heile året rett nok, men det er når temperaturane fell, og kulda set inn, at det verkeleg er euforisk, seier Lyngøy frå Alverflaten.

LES OGSÅ: Tar julebadet på Toskavegen

Ho var den største pysa av dei alle, og bada nesten aldri. Ikkje om sommaren, og så definitivt ikkje på vinterstid. Men i 2012 endra alt seg.

– Eg har aldri tørt å bada noko særleg, men den sommaren gjorde eg det. Det var utruleg kjekt at eg bestemde meg for at eg ikkje ville slutta, fortel Lyngøy.

LES OGSÅ: – Stikk på pungen er ikkje verst

– Intens kroppsleg kjensle
Det vart kaldare og året gjekk mot haust. Lyngøy bada, og førte journal kvar gong. Hausten gjekk etter kvart mot vinter. Det vart endå kaldare.

– Det var ein utruleg spennande og utfordrande periode. Kvar gong gradestokken sank, stod eg ovanfor ein ny potensiell rekord, og vart høg i fleire timar etter kvart bad, fortel Lyngøy.

LES OGSÅ: Her setter de norgesrekord

No har ho bada seg gjennom to år, utan stopp, og vil ikkje slutta.

– Når ein kjem på land etter eit isbad, breier det seg ein intens varme i kroppen. Du får ei euforisk kjensle, og blir rett og slett høg i fleire timar etterpå.

Om sommaren gir badinga Lyngøy ei kjensle av friskheit og velvære. Det einaste vêret ho ikkje badar i er lyn og torevêr.

LES OGSÅ: Porno kan gi mindre hjernesubstans

– Start om sommaren
– Eit vellykka isbad startar om sommaren. Du vender deg gradvis til dei låge temperaturane, og ungår sjokkeffekten med hutring og hyperventileringsreaksjoner på det kalde vatnet, seier Lyngøy.

Wencke Myksvoll er ein av dei som garanterte for at ho aldri i livet skulle isbada, men enda likevel opp med å debutera midtvinters i lag med Lyngøy. Ho hutra og skalv, men lidinga var vel verdt det.

– På land fekk eg ein fantastisk kjensle i heile kroppen. Ordet eufori fekk ein ny meining. Eg trudde eg skulle frysa, men kjende ein ubeskriveleg varme bre seg i kroppen, seier Myksvoll.

LES OGSÅ: Hopper i havet for barns helse

Lyngøy tvilar ikkje eit sekund på at ein får helsefordelar, som ein effekt av isbadinga, men synast det er vanskeleg å peika ut noko spesielt.

– Eg oppleve jo ein enorm velvære og friskleikskjensle av å bada heile året, seier havfruen.

LES OGSÅ: Griseprat med ein språkprofessor

Sjokk og endorfin
Ekspertisen er litt meir skeptisk. Paul Husby, overlege og professor på Haukeland universitetssjukehus, har forska på Hypothermia, eller kroppslege reaksjonar på kraftig nedkjøling. Han aviser at lykkerusen varar i fleire timar.

– Isbading gjev ein akutt nedkjøling av det sympatiske nervesystemet. Kroppen er i sjokk og reagerer med auke i puls og blodtrykk. Den frigjev fleire typar endorfin, som absolutt kan ha ein euforisk effekt, men dei brystas raskt ned igjen i kroppen, og kan ikkje forklara fleire timar med eufori, seier han.

LES OGSÅ: Isbading i minus fire

Han åtvarar folk mot å kasta seg på sjøen midtvinters.

– Det kan gå gale. Ein kan besvima, stivna eller få problem med å koma seg opp på land igjen. Det er ikkje vitskapeleg bevist at isbading eller heilårsbading gir helsegevinst, men mange av dei som driv på med det er overtydd om at helsa blir betre. Dersom ein skal isbada, må ein hugsa på å aldri bada åleine, og helst starta om sommaren, for å gradvis trena opp kroppen til dei låge temperaturane, seier Husby.

LES OGSÅ: Hoppar i det kjølige vatnet

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE