Biljaktfilm på norsk fenga kinopublikummet og tok «Børning» rett til topps på lista.

NPK-NTB
NPK-NTB

Inkludert før-visningar hadde «Børning» 136.451 besøk i opningshelga, og ifølgje SF Norge er det ei betre opningshelg enn både «Hodejegerne» og «The Fast and the Furious»-filmane har hatt.

– Vi har ein film med turbostart, seier kommentaren frå «Børning»-produsent John Jacobsen i ei pressemelding.

Filmen, som har ei stjernespekka rolleliste med Anders Baasmo Christiansen i førarsetet, går på 176 kinosalar rundt i landet. (©NPK)

LES OGSÅ: Ei annleis eksosrype

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE