Ein 25-åring frå Karmøy står bak både Groot, Rocket og ein god del av dei andre animasjonane i storfilmen «Guardians of the Galaxy».

– Ready to watch my amazing animations in IMAX 3D with my amazing girlfriend, skreiv Svein Kenneth Ferkingstad på Facebook, og la ved eit bilete av plakaten til «Guardians of the Galaxy», Marvel sin siste storfilm.

Og han skryt ikkje på seg noko. Han har faktisk stått for ein god del av animasjonane i filmen, saman med resten av MPC (Moving Picture Company) i London. Han har jobba i snart eit år for studioet som laga animasjonane for filmar som «Man of Steel», «World War Z» – og sist i rekka «Guardians of the Galaxy»

LES OGSÅ: Fire meter «Sabeltann»-heltar

Eit levande tre
Filmen, som handlar om ein rompirat, ein genmodifisert snikmordar, ein gal slåsskjempe, ein rappkjefta vaskebjørn og eit tre som må redda universet, er den førebels siste av storfilmane til Marvel.

Om du ikkje har sett filmen eller fått med deg kva som skjer, så las du faktisk rett mot slutten der – blant hovudrollene i filmen er ein rappkjefta vaskebjørn som heiter Rocket (spelt av Bradley Cooper), og eit levande tre som heiter Groot (spelt av Vin Diesel). Dei er (sjølvsagt) animerte, og det er her Ferkingstad kjem inn i biletet. Men han kan ikkje ta all æra, og forklarar kva rolla hans som animator går ut på.

– Det ein må forstå er at på store filmar som dette er det hundrevis av artistar som jobbar på dei. Som animatør hadde eg ansvar for å bevega 3D-modellar som Groot og Rocket som skal uttrykka bestemte kjensler og kroppspråk. Før eg i det heile får rørt på dei modellane skal dei gjennom fleire ulike stadie, forklarar Ferkingstad.

Kort fortalt skal animasjonane gjennom fleire prosessar. Det startar med ein idé og skisser, før dei blir laga om til faktiske modellar som kan bevega på seg. Når animasjons-teamet Ferkingstad er på tek over eit par steg lenger ut i prosessen, er det framleis langt igjen til mål.

LES OGSÅ: Manusmekkaren


I storfilmen «Guardians of the Galaxy» er Svein Kenneth Ferkingstad (25) frå Karmøy ein av dei som laga animasjonane, som til dømes romskipa i denne scena. Foto: Marvel Studios. 

Gjorde meir enn Vin
– Det eg hovudsakeleg laga på «Guardians of the Galaxy» var Groot, Rocket og mange ulike romskip til slutten av filmen. Det var meg og rundt 60-70 andre som gjorde dette, seier Ferkingstad.

Men sjølv om han var ei lita brikke i det heile, føler han at han gjorde meir i å få Groot på skjermen enn stjerna som har stemma til treet, Vin Diesel.

– Alt du ser i filmen er hand-animert eller motion-capture frå oss. Vin Diesel gjorde berre stemma til karakteren.

Til info – alt Groot seier gjennom filmen er den karakteristiske linja «I am Groot» – med ein ørliten variasjon mot slutten. Ferkingstad er nøgd med jobben han gjorde.

– Det var sjølvsagt vanskeleg å få Groot til å røra seg på ein tung og realistisk måte, men det er veldig motiverande og ein får ei stor mestringskjensle av å vera med å skapa slike karakterar som blir vist over heile verda til millionar av menneskjer, seier Ferkingstad.

LES OGSÅ: Ein skikkeleg revejobb

Dyreliv
Sjølv om «Guardians of the Galaxy» akkurat har komme på kino, betyr ikkje det at Ferkingstad og resten av studioet får høve til å kvila. Nye prosjekt er allereie godt i gang.

– Akkurat no jobbar eg på filmen «Exodus: Gods and Kings», og seinare i år startar eg på storprosjektet «The Jungle Book» som er Disney sin film med berre guten Mowgli som ein live-action-karakter, resten er CG (computer generated).

Med andre ord – ein ny versjon av Jungelboken der alt er animert på data, utanom Mowgli sjølv.

– Eg gler meg veldig til å jobba med «The Jungle Book», sidan det er veldig mange ulike dyr me må animera. Det er veldig spanande og fascinerande, og eg lærer mykje kvar dag.

LES OGSÅ: Satsar på animasjon på Dovre

– Har allereie drøymejobben
Ferkingstad fortel at han allereie føler han har komme langt, men siktar vidare.

– Ambisjonane mine er å læra meir om animasjon og industrien, og til slutt vera med på å bestemma meir for filmane me er med på å laga. Eventuelt laga mine eigne filmar, me får sjå kor langt eg kjem. Eg vil jo bli ein av dei beste i yrket.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

ANNONSE