Nyhende- og debattavisa for unge får kontor i verdas største nynorskby.

Redaksjonen
Redaksjonen

Fire år etter starten i Oslo, startar Framtida.no opp vestlandskontor på Stord.

– Me vil koma nærmare lesarane våre og alt det spennande som skjer i Sunnhordland og elles på Vestlandet. Me vil vera ei nettavis for og om framtida, og då er det viktig å vera til stades der viktige delar av framtida til Noreg blir skapt, seier redaktør i Framtida.no, Svein Olav B. Langåker.

Nyhende- og debattavisa for unge har som mål å styrkja nynorsken og bidra til å auka og få fram engasjementet til unge.

I vekst

Redaksjonen har vakse frå eitt årsverk i starten til no vel tre årsverk, og har i tillegg fleire frilansarar rundt i Noreg.

Talet på brukarar har auka sidan starten, og er no på vel 30.000 unike brukarar i månaden. I løpet av heile 2013 var over 300.000 unike brukarar innom Framtida.no.

– Det er viktig at det finst eit nynorsk tilbod for unge lesarar på nett, seier Vidar Høviskeland, dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

Lokomotiv for nynorsk på nett

I tillegg til artiklar frå eigen redaksjon, presenterer Framtida.no utvalde nyhende frå Nynorsk pressekontor, fleire lokalaviser, Dag og Tid og fleire andre nettstader. Bak Framtida.no står ABC Startsiden og Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

– Saman med Startsida.no har me som mål å vera eit lokomotiv for nynorsk på nett nasjonalt, seier Svein Olav B. Langåker. Han vil ha kontorplass i bladstova til Mediehuset Sunnhordland på Stord, medan resten av redaksjonen vil halda fram på kontoret hjå ABC Startsiden i Oslo.

Framtida.no-redaksjonen har òg ansvaret for det redaksjonelle innhaldet på LNK.no – nyhendetenesta til Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Magasinett.no – eit nynorsk nettidsskrift for ungdom.

Har du tips til oss? Tips oss her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54

LES OGSÅ

ANNONSE