Vann sølv i Olabil-NM
Tysnesbilen «Nybegynneren» tok sølv i Olabil-NM i Oslo i dag. Sjåfør og co-pilot var godt nøgd med turen til austlandet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Knut Jørgen Nesland køyrde bilen og Sjurd Sandvik Pedersen var andrepilot då Tysnes-bilen vann sølvmedalje i Olabil-NM i Oslo laurdag. Gutane brukte 47,61 sekund på banen som er målt til å vera 580 meter lang og har ei fallhøgde på 20 meter. Det var eitt sekund bak vinnaren og eitt sekund før tredjeplassen.
Ola-bilane køyrde to rundar, der beste runde talde. Midtveis i beste runde vart «Nybegynneren» målt til heile 44 km/t. Det var totalt 40 bilar som deltok i Noregsmeisterskapen i Ola-bil.
Som premie fekk tysnesingane ein glassplakett og verktøybag, i tillegg til ein gåvesjekk på 700 kroner.
Gutane fekk ei kjekk helg med gratis hotell i huovudstaden. Dei var godt nøgd med turen til austlandet. Dette opplyser Børge Pedersen, far til andrepiloten, i ein e-post til «Tysnes».