Den vesle mekanikaren

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Når VTB kjem køyrande inn i tunet hos familien Tjønn/Taraldlien ein varm sommardag, står både mor og son med hovudet ned i motoren på mors ljoseblå Toyota. 

– Hallo ja! Bilen blir visst tyrst om dagane, den òg, helsar Laila Tjønn, og sonen Sondre smeller att panseret. 

Det er ein bilinteressert gjeng, den vesle familien i Tjønnegrend i Vinje. Ved huset i skogen står fleire bilar, og det er lita tvil om at både mor og far si interesse har smitta over på yngstemann, som alt har kjøpt sin eigen bil.

Ein mørk Audi A6 stasjonsvogn frå 1995, med V8-motor. Som ikkje går, vel å merke. Men som har basskasse baki og verdas største Wonderbaum-klase hengande i frontruta. Sondre samlar på dei luktande papp-trea, og folk kjem til han med både originalane og litt meir eksotiske variantar med lettkledde damer på. Alt går i klasen, som skapar ei nokså påtrengjande lukt i kupeen. I fjor bestod jolekalenderen til Sondre av godteri på laurdagane, og Wonderbaum resten av veka. 

LES OGSÅ: Byggjer Noregs råaste el-bil

Ikkje brems! 
Ein dag i fjor kom faren Steffen heim og lura på om Sondre kunne tenkje seg å delta i olabilløpet Øyfjell Grand Prix, når det skulle arrangerast for fyrste gong. Sjølvsagt ville Sondre det! Dei bygde og bygde, og til slutt stod fartsmonsteret der. Sondre var klar. 

Då dagen for Øyfjell Grand Prix var over, hadde Sondre vunne heile greia. Vinnartrikset? Å ikkje bremse før etter at han hadde passert målstreken. Stikk i strid med mor Lailas råd. 

I år gjentok Sondre suksessen. Nok ein gong var det han som stakk av med sigeren, sjølv om marginane var mindre denne gongen og det stod om sekundar.

Premien for å vinne Øyfjell Grand Prix er ein plass i NM i olabil, som går av stabelen i Torshovdalen i Oslo i dag. Kjerra har fått nye dekk, dei førre tolde ikkje å stå i sola. Ein kan ikkje til Oslo med slikt. Musikkanlegget er montert, og cd-en med Vassendgutane er funne fram.

Sondre har sjølv montert ei klynge med ljos i bilen, fortel han. Han likar å dille med slikt. Han gler seg til køyringa, men det er ikkje det som er det sværaste med NM-plassen.

– Eg gler meg mest til å ligge på hotell, smiler 11-åringen. 

Demontere og remontere 
Sondre blei aldri nokon fotballspelar, slik mange andre på alderen hans blir. Han fekk både sko og leggbeskyttarar, men det var ikkje slik at fotballinteressa fylgde med utstyret. Det blei med to treningar. Det var ikkje moro. 

Det som var moro, var å skru ting frå einannan. Då han var mindre, skrudde han gamle motorsager og grasklypparar frå einannan, og kasta delane. No set han det i hop att etterpå, og får det i gang. Åleine, eller saman med kompisen Neri, som deler den sterke mekaniske interessa.

På tunet har Sondre ei lita bu der han kan sitje og skru og mekke. Ein turbo som etter kvart skal på plass i Audien er eit av prosjekta han held på med der. 

Audien, som han kjøpte for vrakpanten, har han god tid til å stelle på. Om sju år blir han 18, då er det den Audien han vil køyre. Førebels manglar han både bensinslangen og litt andre ting før bilen startar. Og det er like greitt, meiner faren. For når Sondre spør om dei ikkje kan fikse bensintilførselen snart, er svaret nokså klart.

– Det kan nok bli ei beite til, seier Steffen. 

Enn så lenge er det nok med ein olabil på vegen. 

Saka var først publisert i Vest-Telemark Blad.