Den gale profeten

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Kva fekk deg til å starta?

– Vel, det er jo og ei soge. Men eg er altså veldig nyfiken. Eg ville finne ut kva det var for noko. Og så har eg alltid eit behov for å uttrykka meg og formidla det eg snublar over. No har eg heldigvis Twitter og Facebook til å ta noko av dette, men lengre resonnement om korleis den franske revolusjonen og opphavet til kakediagrammet heng saman høyrer heime i bloggformatet, forklarar Kristian Bjørkelo.

Han er folklorist, og jobbar til dagleg ved Universitetet i Bergen. Når han bloggar, gjer han det under namnet Mad Mullah Hastur, på bloggen Profeten Hastur. Den kan du lesa her, og det er verd litt tid.

LES OGSÅ: Når alt går til hundane

Ved UiB underviser Bjørkelo i sosiale media og kommunikasjon – frå ein fagleg ståstad veit han med andre ord kva han snakkar om. I fjor ga han og ut boka «Gi meg en scene!» som tek føre seg ti år med norsk bloggehistorie.

Innlegga har ei god spreiing i tema. Dei tre siste innlegga er følgjande: Ein invitasjon til Fotballfrue til ein romantisk ferie, ei utgreiing om kalifatet under ISIL – og litt meir om Batman.

Me leiter etter verdas beste nynorske blogg

Blogge-kutymen

Bjørkelo har fleire grunnar til å ikkje blogga under sitt eigentlege namn.

Eit pseudonym tillèt ein leik med identitet. Det tillèt ein å lage ein person som er heilt avskilt frå deg sjølv, eller som berre har dine beste eigenskaper. Det let deg utforska tema som du kanskje ikkje ville ha utforska under ditt verkelege namn. For min del handlar jo dette om at det er mitt alter ego. Mullaen er meg, men det er meg utan hemningar, og i turbomodus, forklarar Bjørkelo.

Han fortel og at ei årsak til å bruka pseudonymet er at det tilhøyrer blogge-kutymen etter gammalt.

– Dei av oss som tok i bruk Internett tidleg var innforstått med at ein måtte ha eit "handle", eit brukarnamn eller pseudonym. Eit som andre på nettverket kunne kjenne deg att i.

LES OGSÅ: Boblande språkentusiasme

Den gule kongen

Nøyaktig kvifor det vart Mad Mullah Hastur, har ulike grunnar. Ein av dei kan du sjå att i suksess-serien True Detective.

– Eg fekk tittelen Mad Mullah som mogleg tittel om eg skulle verte meksikansk fribrytar. Eg omfamna det sporenstreks. Hastur har ei litt eldre litterær historie som stammar attende til forfattaren Ambrose Bierce, og har vore vidareutvikla av fleire forfattarar etter han som Robert Chambers og HP Lovecraft. Seinast var Hastur, den gule konge av Carcosa, den eigentlege skurken og krafta som låg bak elenda i den populære TV-serien True Detective. Det var kjekt å sjå at ein ikkje er åleine om å sette pris på mythoset om Hastur og korleis vanviddet følgjer i hans fotspor.

Historia om den første delen av kallenamnet, Mad Mullah, fortel Bjørkelo og i boka «Gi meg en scene!»

LES OGSÅ: Eit lite stykke Polen


– Jaja, eg likar framleis Batman. Trass alt. Batman kunne ha blitt ferska in flagrante delicti med ein eller annan tenåringsgut i spandex, og eg hadde ikkje brydd meg, skriv Mad Mullah Hastur om Batman på bloggen sin. Foto: Skjermdump.

Batman er beintøff

Kor mange som les bloggen, har ikkje Bjørkelo særleg aning om. Han fortel det varierer mellom 50 og 2000, men at han har slutta å telja. Det er ikkje lesartala som er viktigast, men formidlinga.

Som til dømes når han skriv om Batman.

Kvifor skriv ein folklorist om Batman?

– Kvifor ikkje? Batman er jo for det første beintøff. Alle likar Batman. Og kvar tid har sin Batman. Han har jo endra seg mykje gjennom åra, og dei ulike formene er jo eit uttrykk for si samtid.

Kan dagens ungdom læra noko av Batman?

Hovudsakleg kan dei vel lære at om dei er rike så kan dei kle seg ut i litt teite kostymer, klatre på tak og banka opp skurkar i staden for å bidra til å rydda opp i finanskrisa? Men i all hovudsak så er jo vår tids Batman eit djupdykk inn i ein sjuk manns sinn. Og eg veit ikkje kor mykje lærdom ein skal ta frå det. Anna enn å vera obs på menneskets mørke side.

LES OGSÅ: Filosofisk til middag

Veit du om andre gode, nynorske bloggar? Tips oss!

Faktaboks

 Verdas beste nynorske blogg

• Kvar veke ut 2014 kårar Framtida, i samarbeid med Noregs Mållag og Norsk målungdom vekas nynorske blogg.
• Når året er omme vil ein av desse kunne smykke seg med tittelen «Verdas beste nynorske blogg» og få ein pengepremie på 10.000 kroner.
• I juryen sit Synnøve Marie Sætre (Norsk målungdom), Kjartan Helleve (Noregs Mållag) og Svein Olav Langåker (redaktør i Framtida)
• Publikum kan nominere bloggar så lenge kåringa føregår.