Manusmekkaren

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ofte når bilmiljø har vorte portretterte på film så vert det framstilt som harry, bøgdis og teit. Eg tykkjer det er viktig å behandle det med kjærleik. Eg kan ikkje mekke, men eg tek miljøet på alvor, seier manusforfattar Linn-Jeanethe Kyed.

LES OGSÅ: Vann med film om ytringsfrekkheit

Bilvegen til spelefilm
13. august er det noregspremiere på bilfilmen «Børning» – Noregs første bilfilm sidan klassikaren «Flåklypa Grand Prix».

Det er òg fyrste gong ein film Linn-Jeanethe har arbeidd med vert synt på sjølvaste Colosseum kino. Det vert eit stort kryss i taket for 33-åringen.

I filmen møter me bilfrelste Roy Gundersen spelt av Anders Baasmo Christiansen. Bilentusiasten vert med på eit billøp frå Oslo til Nordkapp i sin gule Mustang – «Lille Gul».

Med på den fartsfylte reisa vert den bilinteresserte dottera Nina, spelt av filmdebutanten Ida Husøy. Nokre gonger er avstanden mellom dei minst like lang som kilometrane som vert tilbakelagt langs Noregs langstrakte land.

Men korleis har det seg eigentleg at det mange kallar Noregs svar på «The Fast and the Furious» er skrive av ei dame som ikkje har køyrt bil sjølv på mange år?

Filmideen kom frå regissør Hallvard Bræin, som tidlegare har laga «Trolljegeren». Hovudtrekka i historia vart så utvikla av Christopher Grøndahl, som ikkje hadde tid å ta på seg heile manusjobben. Slik kom Linn-Jeanethe inn i filmbiletet.

Framtida møter telemarkingen heime i leilegheita på Etterstad i Oslo der ho både bur og arbeider.

LES OGSÅ: Byggjer Norges råaste el-bil

Smårips og rånarar
Ho er ikkje heilt sikker på kvifor ho var ein av dei som vart kontakta om manusjobben, men bilmiljøet var noko ho kunne kjenne seg att i frå heimbygda Ulefoss i Telemark. Ho vart gira.

– Eg tenkte at det ville verte kjempegøy, spesielt fordi det ikkje er gjort i Noreg før, seier ho ivrig.

Som i mange andre norske bygder har dei på Ulefoss desse godt synlege rånarane, som har funne seg ein plass å vere sosiale.

– Det er ikkje så sjukt mykje køyring. Dei står gjerne og heng litt. Det er mykje stillekøyring og mekking, forklarar bygdejenta som har gjort Oslobuar av seg.

Sjølv har ho rørt seg litt i utkanten av miljøet.

– Eg var aldri rånar sjølv, men eg hadde nokre eldre kompisar med bil. Så eg var det dei kallar smårips, ler Linn-Jeanethe.

I tillegg var den første bilen hennar – ein rustraud Toyota Carina 83-modell – utstyrt med Wunderbaum i frontruta.

LES OGSÅ: Bjørn Sortland debuterer med teater og film


Frå skrivepulten fekk manusforfattaren best forhold til hovudkarakterane Roy og Nina. Foto: Erik Aavatsmark/ Filmkameratene & SF Norge

Råd frå veslebror
Ho kjenner med andre ord miljøet frå innsida, sjølv om ho ikkje nødvendigvis kjenner det som ligg under panseret så godt.

– Sjølv er eg ikkje flink med bil, men bror min er mekanikar og eg har to stebrør som er glade i bil. Det har vorte snakka mykje om bil rundt middagsbordet, forklarar ho.

Veslebroren fungerte som ekspert og fekk ein del telefonar under arbeidet. Mellom anna om kva som er den mest logiske måten å sabotere ein bil på.

– Eg såg til dømes for meg at om ein heller sagmugg på tanken, så kan det gå lang tid utan at det skjer noko, men det vil visst skjere seg med ein gong. Det er slike ting ein kan bli tatt på, forklarar ho.  

I filmen dukkar namnet «Blodstrupmoen» opp – utan å røpe for mykje.

LES OGSÅ: Folk strøymde til kinoane for Flåklypa

Pangstart på karrieren
På veggen bak skrivepulten i skriverommet – eit rom som går under namnet Funny Bunny – heng filmplakaten til «Tuba Atlantic». Ho kan enno nesten ikkje fatte at filmen ho var med å lage vart nominert til Oscar.

Allereie i 2011 – før alt oppstyret kring kortfilmen «Tuba Atlantic» – var manusforfattaren i gang med «Børning», som er andre store milepæl i karrieren.

Filmplakaten til «Børning – The Fast and the Fønniest», står i ein rull på golvet. Klar til å halde herremannen frå kortfilmsuksessen med selskap.

LES OGSÅ: Laga musikkvideo av film frå tippoldefar


Linn-Jeanethe er streng mot seg sjølv og jobbar sjølv dagar der berre tre setningar kjem ut gjennom tastaturet. Foto: Erik Aavatsmark/ Filmkameratene & SF Norge 

Skråblikk
Samanlikninga med «The Fast and the Furious» – som trygt kan kallast vår generasjons største bilfilmsuksess er nærliggande. Sjølv tykkjer likevel manusforfattaren at både stil og humor ligg nærare klassikarar som «Smokey and the Bandit» og «The Canonball Run».

– Eg har aldri tenkt på meg sjølv som morosam og alltid tenkt at komedie er det siste eg vil drive med, forklarar Linn-Jeanethe, som på filmskulen fekk ei aha-oppleving om at hennar skråblikk på alvorlege ting faktisk vart oppfatta som morosamt.

– Men det går ikkje ann å presse seg til å vere morosam. Det å setje seg ned å skrive ein one-liner, funkar ikkje, forklarar ho.

Sjølv om det kan verke som 33-åringen no har gjort lynkarriere, ligg det mykje arbeid i skuffen hennar, som aldri vart noko av. Ho er klar over at ho er heldig, men arbeider òg hardt for det. Det vert ikkje mykje ferie, i travle periodar kan arbeidsdagane vere opp i tolv-tretten timar, og ho har alltid fleire prosjekt på gang.

– Dei seier at ein må skrive ti manus før ein film vert realisert, forklarar Linn-Jeanethe, som har levd av å vere manusforfattar sidan ho gjekk ut av Den norske filmskulen på Lillehammer i 2010.

Den viktigaste lærdommen ho tok med seg derifrå er setninga: «Keep your ass on that chair».

Det gjer ho stort sett dagen lang, når ho ikkje løper.

LES OGSÅ: Frå «Hotel Cæsar» til «Happy»

Med hjarta i Hotel Cæsar
Det byrja med skrivejobb for «Spesialenheten» og ei handfull episodar for «Hotel Cæsar» – ein jobb ho faktisk lærte utruleg mykje av.

– Uansett om ein skriv for «Hotel Cæsar» er det viktig å gå inn i det med heile hjarta, seier Linn-Jeanethe, som sette pris på å få sjå såpeserie-episodane sine kort tid etter at ho hadde skrive dei.

I filmbransjen er det nemleg ikkje gitt at ein får sjå resultatet i det heile. Den vesle sorga når prosjekt fell igjennom er noko ein må lære seg å takle.

Det er vanskeleg å vete kva prosjekt som vert noko av, men i desse dagar arbeider ho mellom anna med ein barnefilm og ein dokumentar om Magnus Karlsen – sistnevnte bør det så absolutt vere interesse for i desse sjakkfebertider.

Men akkurat no er det bilar det dreier seg om for Linn-Jeanethe.


Mange bilar og folk har vore i sving etter at Linn-Jeanethe var ferdig med skrivejobben. Foto: Erik Aavatsmark/ Filmkameratene & SF Norge 

Rånefest med politikarane
I heimbygda Ulefoss i Nome kommune skal det vere storslagen førpremiere den 11. august. Bygdas rånarar har invitert politikarane med på ein rånetur. Den turen skal Linn-Jeanethe vere med på, noko ho gler seg stort til.

Manusforfattaren har ei kjensle av at bygda kjenner litt eigarskap til filmen, ikkje så rart sidan ho har nytta eigne erfaringar frå bygda. Broren er framleis busett der, men når Linn-Jeanethe reiser heim for å skrive er det til Fetveit gard i Vinje, der mora er busett.

Men Ulefoss er neppe den einaste norske bygda som kjenner eigarskap til bilfilmen. Innspelingane langs E6 har fått med lokale statistar på vegen. Amcar-miljøet og gatebilmiljøet har lånt ut bilar og ekspertise.

Filmen ser ut til å verte ein suksess allereie før premieren. Over 20.000 følgjarar har han på Facebook, det er slett ikkje verst samanlikna med den komande storfilmen «Beatles» sine rundt 6000 følgjarar.

Inn i bilen att
Og det har gått fort for seg under innspelingane òg. Rekordhastigheita var på heile 324 kilometer i timen med ein Polly Motorsports Trans Am på Nordkapp-platået. Samanlikna med dei ekte stuntscenene frå «Børning» vert «The Fast and the Furious» reine science fiction.

Manusforfattaren har sjølv fått sitje på i ei av bilscenene. Etter det har ho sett seg eit nytt mål: Å kome attende bak rattet.

Der har ho ikkje sitte på mange år, sjølv om ho og sambuaren har bil.

Redsla kjem frå ei hending der ho køyrde sovande gjester heim frå ei bryllaupsfeiring. Midt på natta fekk ho vassplaning og missa kontrollen over bilen.

– Det var berre flaks at eg klarte å stoppe bilen i vegen og at det ikkje kom nokon imot. Det sette ein skikkeleg støkk i meg og eg stolte ikkje lenger på meg sjølv som sjåfør, fortel 33-åringen.  

Manusforfattaren har ikkje sett den ferdige filmen og er sjølvsagt spent på resultatet.

Så spørs det om ho får meir lyst å setje seg bak rattet etter at lyset i salen vert tent.

Faktaboks

Linn-Jeanethe Kyed (fødd 1981)

Frå bygda Ulefoss i Nome kommune, Telemark

Har bachelor i Medier og kommunikasjon 2003-2007

Gjekk manuslinja på Den norske filmskulen i Lillehammer 2007-2010

Skreiv kortfilmen Tuba Atlantic (2010), som vann Student Academy Awards og vart nominert til Oscar i 2012

Har tidlegare skrive episodar for «Spesialenheten» og «Hotel Cæsar»

Kjelde: Manusbanken