Kven eig denne sjølvien?

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ikkje eit filosofisk spørsmål på høgde med «om eit tre fell i skogen» og så bortetter. Ein naturfotograf, han heiter David Slater, har komme i krangel med Wikipedia om kven som eig biletet du ser øvst. Er det han, som eig kameraet, eller apa som trykka på knappen. Fotografiet vart tatt i 2011, då Slater var på jakt etter det perfekte biletet av makaker. Ein av apene stal kameraet, og tok fleire bilete av typen du ser over.

LES OGSÅ: Fem dyr som kan redda verda

Ifølgje Wikipedia var det ingen som eigde biletet – då det ikkje var eit menneskje som sto bak biletet.

Skjermdump

Det irriterte Slater kraftig – og han ville gå til sak, og Wikipedia nekta lenge å fjerna biletet. Du kan lesa meir hos The Telegraph.

LES OGSÅ: Det heiter ikkje selfie – no lenger.

Den rette eigar

No kan det sjå ut til at Wikipedia har gitt opp. Då me sjekka nettsida for å finna biletet av apa, såg me denne meldinga:

This media file has been nominated for deletion since 6 august 2014.

Reason for the nomination: This photograph is copyright to David Slater.

Foto: Skjermdump frå Wikipedia

Uansett er dette ein av dei vittigaste – og mest filosofiske – kranglane i seinare tid.

LES OGSÅ: Slik får du ein nynorsk Øyafestival