Ei lita øy som siglar rundt i Storavatnet på Bømlo? Det høyres ut som ein aprilspøk, men det var nettopp det som skjedde onsdag. Sjå bilete og film her.

Håvard A. Hammarstrøm, Bømlo-Nytt
Håvard A. Hammarstrøm, Bømlo-Nytt

Ei flytande øy i Storavatnet på Bømlo? Me hadde ikkje trudd det om me ikkje hadde sett det  – og festa det til film.

Saka var først publisert hos Bømlø-Nytt.


flytande øy5.jpg

Denne øya flaut nedover straumen på Bømlo i går. Foto: Håvard A. Hammarstrøm, Bømlo-Nytt

LES OGSÅ: Slik får du ein nynorsk Øyafestival

Utruleg tips

Onsdag fekk Bømlo-nytt inn eit tips på telefon om at ei øy flaut omkring i Storavatnet. Det høyres jo unekteleg litt utruleg ut, men då me sjekka ut tipset synte det seg å stemme. Ei øy på storleik med ein buss var på veg over Storavatnet med straumen.

flytande øy7.jpg

Her ser du at øya faktisk beveger seg med straumen. Foto: Håvard A. Hammarstrøm, Bømlo-Nytt

flytande øy9.jpg

LES OGSÅ: Kven eig denne sjølvien?

Du kan sjå fleire bilete hos Bømlo-Nytt.

Søk på nettet syner at dette ikkje er eit heilt ukjent fenomen. Sjå til dømes bilete frå Enebakk avis på denne linken. Det ligg også ute eit par andre filmar på YouTube som syner flytande øyar, som til dømes denne.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.54
ANNONSE