Ugandisk anti-homolov er ugyldig

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Anti-homolov ugyldig

Dr. Frank Mugisha er ein ugandisk homorettsaktivist og vinnar av Rafto-prisen i 2011. I ettermiddag kom han med ei nyhende som kan tyde mykje for LHBT-personar i Uganda.

Grunnlovsdomstolen i Uganda har erklært dei strenge anti-homo-lovene i landet ugyldige. Dommarane kom fram til at lova var vedteke på ulovleg vis, og derfor er i strid med grunnlova, melder Associated Press.

LES OGSÅ: Viktig siger for transpersonar i Kenya

Saman med andre aktivistar har Mugisha kjempa imot styresmaktene sine harde anti-homo-lover. Nyleg begjærte dei grunnlovsdomstolen om å erklære lovene ugyldig.

Ugandas mangeårige president Yoweri Museveni underteikna i februar den kontroversielle lova, som rammar homofile i landet hardt.

Lova inneberer livsvarig fengsel for homofil praksis, og gjer det straffbart å ikkje melde homoseksuell og lesbisk praksis. Lova gjer det også straffbart å sponse og oppmode til homofili.

LES OGSÅ: Kva kjønn er du?

Aktivistane har hevda at lova vart vedteke utan det naudsynte fleirtalet. I tillegg hevdar dei at lova bryt den grunnlovsfesta retten til privatliv og verdigheit, i tillegg til retten til å ikkje bli diskriminert.

Lovforslaget har møtt fordømming verda over, og den amerikanske utanriksministeren John Kerry har samanlikna lova med antisemittisk lovgjeving under nazistregimet i Tyskland.