«Hen» inn i svensk ordbok

Are Kalvø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har følgt utviklinga til ordet i fem år, og det er inga døgnfluge, det blir berre meir og meir etablert. No er det eit ganske vanleg ord som har fått ein funksjon, så det er ingen grunn til å utelate det, seier Sven-Göran Malmgren, sjefredaktør for ordboka.

Bruken av ordet hen – eit kjønnsnøytralt pronomen i staden for han eller ho – har vore omstridd og skapt stor debatt i Sverige. Men det har ikkje påverka avgjerda, ifølgje Malmgren.

– Sjølv om det er kontroversielt, er det ingen grunn til ikkje å ta det med.

Ordboka kjem ut i nytt opplag i april neste år. (©NPK)