Skeptiske til Star Wars

Ornitologar likar ikkje at innspelinga av den sjuande Star Wars-filmen går føre seg i midt i hekketida på den irske øya Skellig Michael.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ornitologar mot Star Wars

Skellig Michael er eit naturreservat, men på grunn av eit munkeklosteranlegg frå det sjette hundreåret er øya også å finne på verdsarvlista til Unesco.
Det er likevel nærværet av mellom anna lundefugl, vandrefalk og lomvi på øya som gjer at ornitologar regjerer på tidspunktet for ei filminnspeling som skal bli del av den sjuande Star Wars-filmen, fortel Aftenposten.
 
 
– Det hadde vore å føretrekkje at innspelinga fann stad utanfor hekkesesongen, i september, då eg trur innspelinga opphavleg var planlagt, seier ornitolog Steve Newton i Birdwatch Ireland til Radio Kerry, og legg til at det for han verkar «upassande» å filme på øya i juli.

Ifølgje styreleiaren i det irske filminstituttet er den eit par dagar lange innspelinga «designa spesifikt for å unngå at hekkande fuglar blir forstyrra»

LES OGSÅ: Evig westernfest