Fyrstereis til Norway Cup

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 12.04.2017 14:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei to laga som reiser for IL Rein, er i klassane for gutar 14 og jenter 16.

Denne saka stod først på trykk i Vest-Telemark Blad.

– På gutelaget er det både gutar og jenter i alderen 12–14 år, og på jentelaget jenter 14–16 år. Me kan ikkje stilla med så mange lag, så då må me slå saman nokre, seier Katrine Grundalen.

– Me har jamvel fått nye overtrekksdraktar i høve Norway cup, sponsa av lokale verksemder, fortel Grindalen.

Dei er veldig glade for at lokalt næringsliv stør laget. Spelarane har òg jobba dugnad for støtte til laget.

– Det kan verta ei dyr affære om spelarane må betala alt, fortel Grindalen.

LES OGSÅ:­ – Ein heilt alminneleg hobby

Skaffa pengar er ikkje det einaste som må til for å senda lag til Norway cup.

– Me treng jo trenarar og oppmenn som er viljuge til å vera der inne i ei veke, seier ho.

Ambisjon om å ha det kjekt
– Kva er ambisjonane til laga?

– Å ha det gøy, svarar begge trenarane Øyvind Kili og Linn Camilla Bratland.

Kili er trenar for G14-laget, medan Bratland trener J16-laget.

– Det er mykje viktigare å ha det hyggeleg enn å vinna, seier Kili.

LES OGSÅ: Dialektbobla på stølen

Ikkje ulikt mange andre idrettslag, slit IL Rein med fråfall oppover i årsklassane.

Grindalen vonar det hjelper med å delta på hendingar som Norway cup.

– Det vert ei lita gulrot for å halda fram, seier ho.

Spente ungdomar
– Har de hatt lyst til å reisa til Norway cup før?

– Me har hatt lyst til å reisa, men det vart med Vest-Telemark cup, fortel Kjetil Garsteig, ein av spelarane på laget.

– De skal få reisa til Seljord i år òg, seier trenar Kili for å trygga ungdommane.

– Kven skal de møta?

– Eitt frå Kina, veit eg, seier Garsteig.

– Vert dei vanskelegare å slå enn Vinje?

– Det er umogleg å vita. Me har jo aldri spela mot kinesarar før, svarar han.

– Kva er det de gler dykk til?

– Alt! kjem det kontant frå Garsteig.

Med alt meiner han spela fotball, konsertar og sånt, kjem det fram. Fekk ikkje heilt vite kva «sånt» er.

LES OGSÅ: Friår i friskluft

Medan bladfyken stussar på det finn nokon ei jakke på bana med Ipswich-emblem på.

– Ipswich, dei er firestjerners på FIFA! ropar Sander Johannessen Gunvaldjordet.

– Wow, då er dei gode, seier ein imponert Garsteig.

Eksotisk
Rein møter noko så eksotisk som eit kinesisk lag, medan Vinje møter Høydalsmo. Lokaloppgjeret vekker latter i Rein-leiren.

– Dei kunne like godt spelt kampen heime og hatt ein ekstra dag der borte, ler trenar Kili.

Gutelaget til IL Rein møter Beijng Ziyan SC, Lesja og Vestre Aker. Jentene møter Harding IL, Hødd og Sogndal.

LES OGSÅ: Eit vindauge mot verda