Friår i frisk friluft

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjå for deg å suse ned til barnehagen i puddersnø, med ein femåring som har vorte stø og trygg på eigne ferdigheiter. Slik var kvardagen for Bjørn og Christin i eitt år – i alle fall så lenge snøen låg. Dei tok eitt års permisjon frå jobb for å bu med dottera Nila (5) på ei seter i Jotunheimen og oppleve naturen.

Det viktigaste i livet
– Eg har lært korleis eg skal ha det bra, og det er faktisk det viktigaste i livet. Ikkje vent til du vert pensjonist med å gjere det du vil. Det handlar om å vere tilstade her og no, forstå kva ein trenger for å vera lukkeleg. Eg treng minst mogleg ting og fjas. Eg treng utstyr som fungerer, mat, drikke, varme og energioverskot. Det siste får eg av å meistre, anten det er å tenkje positive tankar, bestige eit fjell eller få til oppgåver på jobb, fortel  Christin Oldebråten.

LES OGSÅ: Sagbrukmusikk på bygda

Saman med mannen Bjørn Tjomsland er ho på Vinjerock for å fortelje om deira eventyrlege år i fjellheimen like i nærleiken. Eit år med vakre soloppgangar og solnedgangar, som no er over, men har gjeve meirsmak.


Bjørn på veg ned Lerhøe, ein av toppane på Jotunheimen Haute Route Ultra. Foto: Eventyrligar.blogspot.no.

Sa opp jobben
Når Framtida møter paret på Eidsbugarden er Christin ferdig med friåret som tok til 1. juli ifjor, medan Bjørn har utvida med ferie frå jobben som IT-sjef i Storebrand Kapitalforvaltning.

For Christin vart det ganske tøft å kome attende på jobben i KLP i barcoden i Bjørvika. Ho måtte ta heisen opp til niande etasje for å sjå utsikten.

LES OGSÅ: Aldri for seint for sommarleir

Men aktiviteten hennar på sosiale medier og bloggen «Et eventyrlig år»har lønt seg. Via Facebook kom eit  tilbod om eit årsvikariat innan kommunikasjon for "å selje Noreg" for  NHO reiseliv. Det er eit produkt 39-åringen stiller seg hundre prosent bak. Slik har det seg at ho sa opp jobben, berre ei veke etter at ho var attende.

Vangshjarta
Hjarta deira bankar for norsk natur, og litt ekstra for Vang i Valdres, der dei gifta seg for ti år sidan. Der har dei hatt mange fine fjellturar sidan.

Nørsvinsetera i Rysndalen – som ligg på nesten tusen høgdemeter – har dei hatt på åremål sidan 2003. Dit – og til Jotunheimen –  har dei pendla frå Oslo nesten annakvar helg i ti år.

LES OGSÅ: Eit vindauge mot verda

Draumen har lenge vore å ikkje reise attende til storbyen, men berre vere der, før Nila byrja på skulen. Dei var inspirert av Stein P. Aasheim, som har budd på ei fangsthytte på Svalbard og eit venepar, som hadde teke seg eit hytteår. Draum vart til planar og den 15. august i fjor flytta dei til fjells for eitt år.


Dottera til Bjørn, Vilde Tjomsland (15), klatrar opp til Haukeberg i mars.

Snøbad og stamp
Hytta har utedo, straum inne, men ikkje innlagt vatn. Kroppsleg reinhald vart difor løyst med snøbad for dei vaksne og badestamp med smelta og oppvarma snøvatn for Nila.

– Ein finn alltid ei løysing. Å vaska seg ute i 20 minusgrader gjekk overraskande bra, forklarar Bjørn, som ein gong var uheldig og ikkje kom seg inn før Crocsa fraus fast.

Nett frå mobiltelefonane vart nytta til å leggje ut blogginnlegg og bilete på sosiale medier. Slik kan ein òg straume nett-tv, men det har vorte lite slikt på familien.

LES OGSÅ: Fysisk aktivitet i sola?

Bilen hadde dei ståande ved barnehagen og nytta til butikktur om lag ein gong i veka, så vart varene dratt vidare opp i pulk. Christin forklarar at lite mat gjekk til spille.

Nila gjekk i barnehagen tre dagar i veka, noko som betyr at familien fekk mykje kvalitetstid i det fri, samstundes som minstemann fekk kontakt med andre jamaldrande og paret fekk kontakt med bygda.

Dottera til Bjørn på 15 år kom med Valdresekspressen annakvar helg og gjekk på ski opp. Berre fire timar frå Oslo har familien sitt fjellparadis.


Nila vart sterk både fysisk og mentalt på det aktive året. Her med Kyrkja i bakgrunnen. Foto: Eventyrligar.blogspot.no.

Fridomens pris
Men korleis får ein det til, å leva utan å jobba eit heilt år?

– Det er berre å bestemme seg, og så gjere det, seier Bjørn, som anbefalar alle det same.

Ideelt sett bør ein få permisjon frå jobben, slik at ein slepp å tenkje på kva som skal skje etterpå. Å fordele inntekt over to år slik at ein slepp eventuell toppskatt, er eit anna triks.

Osloparet spara seg opp ein buffer over fire år, og leigde ut rekkjehuset  på Ellingsrud i Oslo. Med ein fornuftig åremålsleige på 25.000 for hytta, hadde dei difor meir inntekter enn utgifter på bustad.

LES OGSÅ: Dialektbobla på stølen

Sjølv har dei vurdert å kjøpe hytte, men funne at det ikkje lønar seg med den store økonomiske forpliktinga.

Straum, barnehage og bomring var utgifter dei slapp billegare unna med i fjellet.

Månadsbudsjettet var på 20.000-25.000 kroner i tillegg til eit utstyrsbudsjett på 100.000. Dette budsjettet slapp dei billegare med, då fleire sponsorar melde seg på grunn av dei friske turbileta som vart delt undervegs.

– Ein skulle kanskje tru at ein kjeda seg litt, men det har me ikkje gjort i det heile teke, seier Christin.


Bjørn foran tamreinflokken på Slettefjell. Foto: Eventyrligar.blogspot.no.

Styrkeprøve
Tinderanglarane Bjørn og Christin tykkjer at å gå toppturar er eit godt alternativ til å gå til ein stressande jobb etter å ha levert i barnehagen. Begge fekk gått mange fine toppturar, og Bjørn fekk høvet til å  gå Jotunheimen Haute Route Ultra, som er ei randonee-rute beståande av fleire 2000-meters toppar, mellom dei Galdhøpiggen.

Dei har fått mange gode turar til fots og på randoneeski, både med og utan Nila, og sove mykje ute.

LES OGSÅ: Fortvila solentusiastar pungar ut

Resten av overskotet har dei nytta på ting som å sanka sauer og å måka tak for sambygdingar. Gratis og samfunnsnyttig treningsstudio utandørs.

I tillegg haldt levebudsjettet på 300.000 til ei bryllaupsreise til Seychellene og ein tur til Månefjella i Uganda, der Christin er oppvaksen og har foreldre som bur og driv velgjerdsarbeid, som òg dottera er engasjert i.

– Me er ikkje født til å sitja på kontor, me er fødd ståande opp og ned, peikar Christin på.

Luksusfella
Paret er ikkje i tvil om at dei vil gjere liknande ting seinare. No veit dei kva som skal til.

– Eg tykkjer me jobbar for mykje, me har gløymt kva som gjer oss glade og gått litt i luksusfella alle mann, seier Christin, og får støtte frå ektemannen.

Han peikar på at det er forbruket som tvingar oss til å jobbe.

Christin meiner at om me i eitt av verdas rikaste land ikkje kan ta oss fri, så kan ingen det. Ingen av dei er uroa for arbeid i eit land med under fire prosent arbeidsløyse.


Hytta i måneskinn på nyåret.

Året med mykje lystbetont trening har gjort både foreldra og dottera godt.

LES OGSÅ: Mål 1724 innbyggjarar innan 2020

– Ho har blitt sterk fysisk – ei spretten lita geit – og fått mykje mental styrke, forklarar mor.

Foreldra har ikkje pressa dottera på tur, og snudd dersom ho ville det. Elles er bamsemums ved vardar og på toppen eit triks.

Nye høgder
Det er heller ingen tvil om at paret inspirerer andre. Nye folk er allereie installert for eit år i Vang i Valdres. Christin tipsar om at mange hytter og stølar står tomme.

Sjølv har dei flytta til Eventyrskogen ved Oslo og tenkjer allereie på neste prosjekt. Dei vil ikkje røpe for mykje, men avslørar at det mellom anna dreier seg om uopptrakka løyper i det afrikanske fjellandskapet. Så nye toppar er absolutt i kikkertsiktet.

Sjå ein luftig dotur i filmen under.