I Europa-toppen med ullvott

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Europa-toppen med ullvott

Medan andre ungdommar ferierer, konkurrerer fire unge gründarar frå Vadsø om å bli Europas beste ungdomsbedrift i 2014.

LES OGSÅ: Livreddande refleksvott gav NM-gull

I april vart bedrifta Flex UB kåra til Noregs beste ungdomsbedrift. Ideen er enkel: ein eigendesigna tova ullvott med broderingar i refleksgarn skal redde liv i trafikken.

Fekk god start
Dei beste ungdomsbedriftene frå 39 land deltar i konkurransen. Jentene frå Finnmark vart svært nøgd etter EMs første øving, scenepresentasjonen.

– Presentasjonen gjekk kjempebra! Vi er godt nøgde så langt. Nivået er skyhøgt, men vi skal gjere vårt yttarste for å gå heilt til topps, seier Solveig Ittelin, dagleg leiar i Flex UB, i ei pressemelding frå Ungt Entreprenørskap.

Finalen vert avgjort på torsdag.

Overraska over suksessen
Det som starta som eit obligatorisk skuleprosjekt, har blitt ei reise dei fire gründarane ikkje hadde drømt om. Dei livreddande ullvottane har blitt ein salsuksess og jentene har fått kjendisstatus i Finnmark, ifølgje Ungt Entreprenørskap.

LES OGSÅ: Anti-valdeleg europameister

– Vi hadde aldri trudd at det skulle bli så stort, og spreie seg så fort rundt. Det gjer jo at vi blir heilt gale av engasjement, seier Ittelin i eit intervju med Finnmarken før avreise til Tallin, der finalen går av stabelen.

EM for ungdomsbedrifter vert arrangert av Ungt Entreprenørskaps moderorganisasjon, JA-YE Europe. Over 3,2 millionar elevar og studentar har delteke i ulike gründerprogram i regi av organisasjonen dette skuleåret.

LES OGSÅ: Vil redda unge liv i trafikken