BOKMELDING: Er du nerd, så la deg bergta av ein annan nerd.

Marianne Granheim Trøyflat
Marianne Granheim Trøyflat
Faktaboks

Rapport frå Finansdepartementet – ei statssekretærreise
Morten Søberg
Samlaget
2014

LES FAKTALUKK FAKTA

Visste du at Noregs bank har sentralbord i Engerdal?  Visste du at MB «Irma» var ein motorbåt som bankinspektørar cruisa land og strand med frå 1923 og utover? Er du nerd, så la deg bergta av ein annan nerd.

I ei tid der bankane blir skulda for all verdas elende og vel så det, kjem Morten Søberg med det som nærast må kallast ei lovprising av bankvesenet. I heile verda, men mest i Noreg, og mest i distrikta.

Den norske handelsbank blir henta fram att frå gløymsla. Denne låg i Trondheim, ikkje i Oslo, om nokon skulle vera i tvil om det. Søberg let oss heller ikkje gløyme at Trondhjems sparebank byrja å gje gåver til allmennyttige føremål i 1847, eller at bankvedtektene til Snåsa sparebank var dei første som vart skrivne på landsmål.   

 «Ei bankkrise kan vera ein kapitalistisk katarsis. På ein ideell marknad vil fallerte bankar verta avløyste av betre drivne», skriv Søberg.  Bankkriser treng altså ikkje vera av det vonde slaget, skal vi tru denne forfattaren, som sjølv har hatt eit særskilt ansvar for bankvesenet den tida han var statssekretær i Finansdepartementet. Dette har så avgjort vore det konservative alibiet i eit departement styrt av den botnsolide arbeidarpartisten Sigbjørn Johnsen.

Søberg er fasinert sjølv, og han evnar å formidle entusiasme vidare. For det er vanskeleg å nekte på at det er interessant å diskutere korleis bankar evnar å byggje opp og rive ned. Dei har makt til å skapa liv, røre, aktivitet og samfunn ut av ingenting. 

Av og til blir det litt for mykje av det gode. Det er nesten som Søberg synest han har styrt over noko magisk der  oppe i Finansdepartementet. Det kjem især til uttrykk når han på slutten av boka tek til orde for at statssekretærar skal ha møterett i Stortinget, på same måte som statsrådar. «Norske statssekretærar plar vera dugande og kunnskapsrike deltakarar i det offentlege ordskiftet», meiner han, og understrekar i tillegg at «den økonomiske politikken er primær og har forrang.  Det er heilt avgjerande at bankstellet, pengestellet og statsfinansane er på stell».

For å spara det beste til sist: Til å vera så oppteken av tal og teoriar, har Søberg eit uvanleg fargerikt språk.  Han skriv om oljefondet at «Det liknar på ei sareptakrukke og læt som ein sirenesong.» Han dreg referansar til Aasmund Olavsson Vinje når du minst ventar det, mellom anna på eit fly frå London til Edinburgh.  Denne sansen for litteratur og språk gjer seg godt i framstillinga av noko så firkanta som eit bankvesen trass i alt er. Det skal Søberg ha, stivsnippa som han elles verkar å vera.

Les fleire bokmeldingar her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE