Levde tett på rakettangrepa i Israel

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det må bli stopp snart, dei kan ikkje bomba kvarandre til steinalderen, seier Amram Hadida (53) frå Stord.

Saka vart først publisert hos Sunnhordland.no

LES OGSÅ: Rår Noreg til å ta imot Palestinarar

Første gang

Han er fødd og oppvaksen i Israel, men har budd på Stord sidan han var 24 år. Til dagleg jobbar han i Kværner, og er klubbleiar i Verkstadklubben Kværner Stord.

– Det er første gang eg opplever å vera her nede under eit rakettangrep. Når me høyrer alarmen, er det meininga at me skal springa til bomberommet, men det er alt for langt, seier 53-åringen.

Han fortel at mora, som er 80 år, ikkje klarer å gå.

– For henne nyttar det i alle fall ikkje å springa til noko bomberom. Det som skjer, det skjer, seier Hadida. 

Ferien har ikkje blitt heilt slik som planlagt.

– Ein del ting som me planlagde på førehand, måtte me avlysa, seier han.

Dei har vore på ferie i to veker i byen Beersheba, som ligg fire mil aust for Gazastripa.

– Området er i rekkevidda til rakettane som blir skotne mot Israel, seier Hadida.

LES OGSÅ: Fem dyr som kan redda verda

Konflikten

– Kvar stat har plikt til å forsvara innbyggjarane sine. Hamas skyt over 100 rakettar mot Israel kvar dag, men det er det ikkje så mange som snakkar om heime. Eg skjønnar ikkje kvifor Hamas sender så mange rakettar mot Israel, når dei veit kor hardt Israel slår tilbake, seier Hadida.

Han er oppgjeven over leiarane på begge sider, og håpar at dei snart kjem fram til ei god løysing.

– Både Palestina og Israel kan utvikla seg til å bli to fantastiske land. Så lett er det. Og så vanskeleg er det, seier Hadida

I sist veke uttalte utanriksminister Børge Brende (H) til NTB at det er fare for ny krig, dersom ikkje Israel og Palestina møtest over forhandlingsbordet.

LES OGSÅ: Starta teikneseriekarriera med suksess

– Øydelegg

– Er de redde medan de er der nede?

– Eg er ikkje redd, men eg har tenkt ein del på korleis dottera mi opplever dette her. Det gjer noko med deg når du opplever dette. Ei natt torde me ikkje å legga oss, fordi alarmen gjekk så ofte. Alle som bur her opplever situasjonen som eit mareritt, fortel Hadida.

Også dottera fortel at det går greitt, og at ho ikkje er redd.

– Men eg er litt lei, for det har øydelagt litt for ferien vår, seier Miriam Elise Valdal Hadida (15).

Ho fortel at dei bur i ein leilegheit i tredje etasje.

– Når me høyrer alarmen, spring med ned i etasjen under, seier 15-åringen.

No som turen går tilbake til Norge, er det med blanda kjensler. 

– Eg har mykje familie her. Medan me reiser tilbake til flotte Norge, blir dei igjen. Eg håpar me aldri må oppleva noko slikt i Norge, seier 53-åringen.

LES OGSÅ: Den nederlandse sykkelsuksessen

Ringjer heim til mannen kvar dag

Trebarnsmora Susan Hassan Mohamad Bathatho kjem frå Palestina, men bur på Stord. Konflikten i heimlandet går sterkt inn på henne for tida.

– Eg kom til Norge i 2009, etter at huset mitt blei brent ned i krigen. Eg bur her med dei tre barna mine, men mannen min bur framleis i Palestina. Me ringjer kvarandre kvar dag for å høyra at alt er i orden, seier Bathatho til Sunnhordland. 

Ho fortel at ho får dårleg samvit av å tenkja på at ho og barna har det trygt her i Norge, medan familie og venner må leva i frykt heime. 

– Israel går alt for langt, og eg meiner det er dei som står for dei verste handlingane. Eg forstår ikkje kvifor dei bombar område der det bur så mange uskuldige, sivile innbyggjarar. Eg meiner likevel at begge partar må slutta å drepa, fortel trebarnsmora. 

Når ho kikkar på nyhende på fjernsynet, er det med frykt.

 – Rakettane frå Hamas, øydelegg ikkje så mykje som angrepa frå Israel, meiner Bathatho. 

Ho er også uroleg når telefonen ringjer.

– Eg er så redd for å få ein telefon om at nokon i familien min er blitt drepne, seier Bathatho.

Saka vart først publisert hos Sunnhordland.no

Faktaboks

Konflikten

* Den langvarige og komplisert konflikten mellom Israel og Palestina har eskalert den siste veka.
* VG skriv at det starta med at det israelske forsvaret (IDF) byrja med luftangrep mot palestinske mål på Gazastripa.
* Handlingane blir kalla «Operation Protective Edge», og føremålet med operasjonen er å stoppa daglege terrorangrep mot Israel sine innbyggjarar, skriv VG, og refererer til Twitter-meldingar frå IDF.
* Ifølgje same avis har det blitt sendt over 600 rakettar mot Israel sidan oppstarten av operasjonen.
* Den væpna greina av Hamas har teke på seg ansvaret for mange av angrepa, og dette er første gang sidan krigen 2012 at Hamas tek på seg ansvar for rakettangrep mot Israel.
* Hamas er ein palestinsk, islamistisk og politisk organisasjon som utfører militære handlingar. Organisasjonen er leia av Khaled Mashaal.
* Hamas er omstridt i delar av verda, særleg i USA, som har definert dette som ein terrororganisasjon. Det har også EU, og Israel, men ikkje FN og Norge.
* Palestina, er ein delvis anerkjent stat, og siden november 2012 har dette vore ein observatørstat utan medlemskap i FN.
* Israel som land og folk har ei historie tilbake til oldtida, men den moderne staten Israel blei oppretta i 1948.
Kjelde: VG, Wikipedia, Store norske leksikon