Viss Norge hadde tapt 7-1 i semifinalen i fotball-VM, så ville nok vi også reagert med sjokk og...

mm

 

Nei, gløym det. Det er så mykje med den setninga som er feil. Norge kjem sjølvsagt aldri til å komme til semifinalen i fotball-VM. Og viss det skulle skje, så kjem Norge sjølvsagt ikkje til å skåre. Og uansett, viss Norge tapte 7-1 i semifinalen i fotball-VM, så ville vi sannsynligvis ikkje tatt det så tungt. Vi kom trass alt til semifinalen. Og vi skåra! Dessutan har vi alltids Brasil-sigeren frå 1998 å sjå tilbake på. Og 2-1-sigeren over England i 1981. Og Lillehammer-OL. Og Bobbysocks. Og Nico & Vinz. Og Stoltenberg er generalsekretær i NATO. I det heile tatt.

Så det er nok vanskelig for oss som bur i Norge å sette oss inn i korleis det er for brasilianarar å oppleve at landslaget deira blir knust av Tyskland i VM-semien på heimebane. Og då kan det vere lett å tenke at dette går slik innpå brasilianarane fordi folk i Brasil har så mykje anna å stri med. For dei er fotballen er eit glimt av lys i ein hard kvardag prega av fattigdom, motgang og alle desse andre greiene som folk slit med andre plassar. Når eit fotball-resultat aldri kan gå slik innpå folk i Norge, så er det fordi at her har vi det uansett veldig greitt. Ingen store problem. Vi treng ikkje fotballen for å få glimt av lys. Fotballen er berre grei å ha som endå ein ting å irritere seg over eller stille seg dundrande likegyldig til.

Det er spesielt lett å tenke slik om sommaren. Om du les eller høyrer norske nyheiter i juli, så får du ikkje inntrykk av at folk i Norge slit veldig. Nokre få politikarar er på telefon for å reagere på noko som skjer langt unna og som norske politikarar neppe har innverknad på uansett. Nokon er lei seg fordi USA ikkje sender verdens beste ambassadør til Norge. Dei fleste poltikarane er på ferie og overlet til amatørar og ungdommar å halde debatten gåande. Du veit det er sommar i Norge når ungdomspolitikarar debatterer på Dagsnytt Atten. 

Så det er lett å tenke at folk i Norge lever problemfrie gjennomsnittsliv samanlikna med folk i andre verdensdelar.

Men det er jo ikkje sant. Vi har problem i dette landet også. Ting som går inn på oss. Ting som når førstesider og får folk til å reagere. Med sjokk. Med vantru. Og alle desse andre greiene som folk reagerer med andre plassar.

Det er for eksempel ikkje mange dagane sidan det slo ned som ei bombe at Hans-Wilhelm Steinfeld skal slutte i NRK. Det nådde førstesider. Kollegaer var skuffa og sinte. Det nådde Dagsrevyen. Der satt ein alvorlig mann i dress og sa med alvorlig stemme: «Russlands-korrespondent Hans Wilhelm Steinfeld slutter i NRK for å begynne i PR-bransjen.»

Og om du sitt heime og ser dette på Dagsrevyen, så er din første tanke kanskje at det var då ei rar nyheit. Kanskje ikkje ei nyheit i det heile tatt.

Ein god metode for å teste om ei nyheit er ei nyheit, er å fjerne namn og titlar frå nyheita. Det du sitt igjen med i dette tilfellet då, er ein alvorlig mann i dress som seier med alvorlig stemme: «Ein mann som har jobba ganske lenge ein plass, skal begynne å jobbe ein annan plass.»

Og det høyrest puslete ut. Men det er det vi har. Det er det sjokket vi får. Og det er rystande nok. Og vanskelig å takle. Steinfeld er han som har fortalt oss kva som skjer i Russland, heilt sidan det heitte Sovjetunionen. Kva skal vi gjere no? Skal nokon annan fortelje oss kva som skjer i Russland? Kven? Og kan vi stole på henne? Skal vi – gud forby – måtte forhalde oss til fleire ulike folk som meiner ting om det som skjer i Russland. Det blir KAOS! Og så skal Steinfeld begynne i denne tvilsame PR-bransjen der dei driv med politisk påverkning og drikking av blod og sånt.

Det kan verke lite. Men det er det ikkje. Verkelig ikkje. Det er stort. Og stygt.

Nei, gi oss heller eit 7-1-tap. Når som helst. Det skal vi takle.
 

Først publisert i Aftenposten 12. juli.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53
ANNONSE