Medan det finske gir størst reisefridom i verda. 

NPK
NPK

Det norske passet er det fjerde «sterkaste» i verda, målt etter kor mange land du kan reise til utan visa.

LES OGSÅ: «Eit av verdas rikaste land vil forby tigging»

Statsborgarane i Noreg kan reise til 170 land utan å søkje om visa på førehand, ifølgje eit oversyn som nettstaden Good infographics har laga.

Finland, Sverige og Storbritannia toppar lista med visa-fri tilgang til 173 land, mens pass frå Danmark, Tyskland , Luxembourg og USA gir tilgang til 172 land. Passa frå Belgia, Italia og Nederland gir tilgang til 171 land.

LES OGSÅ: Her er verdas «snillaste» land

Det norske passet er i dette lyset jamgodt med pass frå Canada, Frankrike, Irland, Japan, Portugal og Spania, som alle gir visa-fri innreise i 170 land.

Dei passa som gir minst reisefridom her i verda, ifølgje oversynet, er det afghanske (28 land) og det irakske (31 land).

LES OGSÅ: Vil gi fredsprisen til Snowden

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE