Nasjonalromantisk sjøormaction

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein litt lei vind øydelegg planane om å skyte dei fyrste filmscenene denne ettermiddagen. For det er ikkje nybyrjarar som låner fars gamle videokamera eit par sommarveker det er snakk om når «Eekønn productions» skal i gang med ny film. I tillegg til å filme alt med 4K-kamera (kinolerretkvalitet som vil seie fire gonger HD) skal gjengen filme akkurat desse scenene ved Sjøormtårnet med drone (fjernstyrt helikopterkamera) og då må vinden spele litt meir på lag enn i dag.

«Stuntar» i tårnet 
– Me prøvar igjen i morgon tidleg, fortel Ola Mo, som er henta inn som produsent til det nyaste prosjektet til Eirik Aanonsen Løken, Knut Skrede Østevik og Johannes Skrede Østevik til Vest-Telemark Blad.

Dei tre har halde på med film sidan barneskulen, og no står den største filmsatsinga framfor dei. Kortfilmen skal bli på rundt 20 minutt, og spelast inn ei intens veke i juli. For å få eit stort prosjekt til å bli ein realitet har dei utvida teamet frå tre til sju og fått med det lokale næringslivet på laget.

LES OGSÅ: – Hardingfele er balsam

– I dag har me fått med oss ein av Noregs beste klatrarar til å gjere «stuntscenene» ned frå toppen av tårnet, men elles er det berre lokale seljordingar. Anders Johnsen som går på Paul McCartney skulen i Liverpool skal produsere lyd og musikk. Med den gode støtta frå det lokale næringslivet trur me at me skal klare å gå i null. Det er dyrt å leige så proft utstyr som me no har fått tak i, fortel klippar og filmfotograf Eirik Aanonsen Løken.

Han er til no den einaste av dei som har vald å satse skikkeleg på film. Til dagleg er han lærling i eit filmselskap og ser på sommarens prosjekt som ei ypparleg erfaring.

– Det er spennande å ha sitt eige prosjekt på si. Eg trur det er god erfaring å ha med seg på CVen. Ikkje minst er det utruleg moro å halde på med, seier Eirik.

LES OGSÅ: Tulla seg til internasjonal hit

Sjøormbesett 
Sjølv om den trettande versjonen av manuset endeleg er klart er dei litt løyndomsfulle om kva filmen eigentleg skal handle om.

– Det blir ein heilaftans nasjonalromantisk actionkomedie, fortel Eirik med eit smil.

– Ordførar Jon Svartdal har til og med sagt ja til å bli med i filmen som seg sjølv. Han sa det var fyrste gongen han har sagt ja til noko slikt utan å ha lest manuset fyrst, legg Ola humrande til.

Etter kvart får me likevel gutane til å røpe litt meir kva publikum kan vente seg frå den komande filmen.

LES OGSÅ: Slepp fredagsmusikk på ein måndag

– Hovudpoenget handlar om korleis ein kan bli besett av å lure på om det er noko der ute eller ikkje, fortel Ola, og peikar utover mot Seljordsvatnet.

Me snakkar sjølvsagt om sjøormen. Filmen startar med eit tilbakeblikk til ein gutegjeng på fire som ein dag dei er ute og leikar, får auge på sjøormen. Alle så nær som ein. Martin blir hengande etter og får aldri sjå det same som kameratane. Dette pregar han så mykje, at han forsvinn frå bygda. Ti år etter er han tilbake med ein urovekkande plan.

Håpar på premierefest 
Viss dette gjer deg nysgjerrig er det berre å glede seg til premiera til vinteren. Den har gjengen store planar for.

– Målet er å få til ein stor premierefest med visning og full sal på Granvin tidleg i vinter ein gong. Det er kanskje urealistisk, men det er draumen, seier Knut.

Viss du har ein liten skodespelardraum i magen og er ein 10-13 år gamal gut, har du framleis sjansen til å bli «filmstjerne» for ei veke.

– Det er berre å ta kontakt med oss viss du har lyst å prøve deg framfor kamera, oppfordrar dei.

Les saka i Vest-Telemark Blad!