(NPK-NTB-Ole Henrik Tveten): Feiringa av jonsok ser ut til å bli ei våt glede over heile landet tysdag. – Det ser ikkje lyst ut nokon stad, seier meteorologen.

(NPK-NTB-Ole Henrik Tveten)
(NPK-NTB-Ole Henrik Tveten)

I Nord-Noreg ser det ut til at snøskuffa kan bli sett tilbake i bua etter at Tromsø vakna opp til 10 centimeter nysnø måndag.

– Det er vonleg over for denne gong, seier vakthavande meteorolog Marit Helene Jensen ved Meteorologisk institutt til NTB.

Ho fortel at det kalde vêret vil halde fram, men at temperaturen søndag vil stige opp mot 7 grader. Og då kjem det i alle fall ikkje snø.

Ifølgje Yr blir det heller inga midnattssol søndag. Dårleg vêr set ein stoppar for det.

 

Byevêret held fram

I Troms og Finnmark er regn og kaldt vêr ingrediensane for helgevêret.

Denne vêrtypen vil halde fram utover i neste veke, sjølv om det enkelte stader vil vere mogleg å sjå sola av og til. Nordland får mykje av det same vêret heile denne perioden. Skilnaden er at søndag skil seg ut som den beste dagen i Troms og Finnmark. Det gjer han ikkje i Nordland.

– Søndag er dagen med minst nedbør i Troms og Finnmark, seier Jensen.

 

Fint i sør

I Trøndelag og Møre og Romsdal blir det stort sett den same vêrtypen neste veke som i helga. Det betyr stort sett byevêr og kaldt vårvêr i mange dagar framover. Ei lita trøyst får vere at det enkelte stader vil bli mogleg å sjå sola av og til.

Det finaste vêret i helga vil kome i Sør-Noreg der det er venta lange periodar med sol.

– Rett nok kan det kome litt byger, men hovudinntrykket er opphald og periodar med sol, seier meteorologen.

Ho seier dette gjeld heile Sør-Noreg, med unntak av området nord for Stad og Dovre. Der er det venta same type vêr som i Trøndelag.

 

Slutt på godvêret

Når helga er over er det også slutt på godvêret i sør. Frå måndag er det venta ein ustabil vårtype, noko som betyr periodar med regn.

– Det vil bli gløtt av sol innimellom, det vil ikkje vere heilgrått heile tida, seier Jensen.

Det er med andre ord stor sjanse for at Austlandet vil feire jonsokkveld i det same dårlege vêret som resten av landet.

– Det ser ikkje lyst ut nokon stad, seier Jensen. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.53

LES OGSÅ

ANNONSE