Det melder Rogaland fylkeskommune sine eigne heimesider. Premien er ein statuett av John Th. Josefsen og 50.000 kroner. Torvund vart møtt med ståande applaus då han tok imot prisen.
– Torvund er ein kunstnar som ikkje isolerer seg mellom kvar gong han gir ut eit verk, men som deltek aktivt i samfunnsordskiftet. Så godt som kvar dag kan me sjå han sjå på sosiale media. Der deler han av eigne dikt, oppfordrar til å lesa andre sine verk og er raus med omverda, skriv fylkeskommunen på heimesida si.
LES OGSÅ: Det heiter ikkje selfie – no lenger.
Habil bassist
Torvund er og godt kjend under twitternamnet @2rvund, ein aktiv kvitrar.
– Han er jærbu, og har drive innanfor sitt kunstfelt sidan han debuterte i 1977. Føre det seier ryktet at han var ein habil bassist i band på Jæren, sa fylkesordførar Janne Johnsen under utdelinga.
Tidlegare har Torvund vunne fleire andre prisar, som Nynorsk litteraturpris, Samlagsprisen, Stavanger Aftenblads kulturpris. Han har gitt ut eller vore med i minst 43 utgjevingar sidan debuten, både som diktar og forfattar av barnebøker og sakprosa.