Snakk ut!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: Snakk ut!

Det er liksom det som er sommar: Å ta på seg shortsen, tekste ein kompis, gå på uterestaurant, drikke seg passelig full og snakke om tiggarar. Viss du då ikkje er litt meir avansert og litt meir inne i det politiske livet. Då snakkar du nok ikkje om tiggarar. Då snakkar du nok om det politikken eigentlig dreier seg om, nemlig kva du trur dei driv med i First House.

Sjølvsagt skulle vi gjerne snakka om fotball-VM. Men det er ikkje lett. Folk trur det er lett. Men det er faktisk ikkje det. Om Norge hadde vore med, så ville alt vore enklare. Men det er jo Norge ikkje. På ingen måte. Det er faktisk ingen frå Norden som er med. Og kven skal ein halde med då? Feil blir det uansett. Det går ikkje an å halde med Brasil eller Spania. Det er berre uoriginalt. Det går ikkje an å halde med afrikanske lag. Alle veit at det gjer du berre for å verke interessant, men eigentlig er du nedlatande. England kan du ikkje halde med. Då verkar du berre som ein av desse som ikkje har komme seg vidare i livet, ein av dei som trur engelsk fotball er bra fordi NRK tilfeldigvis viste kjedelige engelske tippekampar i oppveksten din. Du verkar som ein nostalgikar som når som helst står i fare for å ramse opp namn frå gamle fotballkort, utvikle syttitalssveis og bryte ut i ein Di Derre-song om oppvekst. Kva står vi igjen med då? Hellas? Sveits?

Det er ingen som held med Sveits.

Så kan ein sjølvsagt snakke generelt om VM. VM som fenomen. Fotball-VM som politisk kraft, eller noko. Bortsett frå at det er fryktelig kjedelig, sjølvsagt. Og ingen har lyst til å sitte ved sida av deg.

Det einaste du har igjen då, er desse samtalane der du viser vennene dine at du kan noko idiotisk om fotball-VM som dei ikkje kan.

Men det er heller ikkje lett. Lista ligg veldig høgt for idiotkunnskap i våre dagar. For i oppkøyringa til VM har vi som skriv i avisa naturligvis kåra det aller meste frå VM-historien. For vi som skriv i avisa liker kåringar. Fordi folk alltid er uenige i kåringar, og det skriv dei gjerne i kommentarfelta. Og så lenge nokon skriv i kommentarfelta, så er vi fornøgde, for då trur vi at vi har skrive noko som engasjerer. Men det har vi jo ikkje. Vi har skrive noko som irriterer. Det er ikkje heilt det same..

Uansett, vi som skriv i avisa har allereie kåra og ramsa opp dei ti største augeblikka i VM-historien, dei ti største skandalane, dei ti flottaste skåringane, dei ti penaste spelarane, dei ti styggaste, dei ti beste innleiingskampane utan mål, dei ti verdensmesterskapa med flest uavgjortkampar, dei ti verdensmesterskapa med flest gule kort, dei ti raraste venstrebackane, dei ti største britiske fotballstjernene som seinare utvikla store alkoholproblem og blei dømde for voldsbruk, dei ti beste midtbanespelarane med merkelig tannstilling, dei ti beste sweeparane frå Sveits.

Og alt dette var før VM hadde begynt.

Kva har vi igjen då?

Nettopp. Ingenting. Det vil seie: Tigging.

Vi får vere glade for at vi har tigginga. Det går greit å snakke om den. Kan ikkje forby folk å ha problem, kan vi seie. Og ta ein slurk til. Skal det bli forbode å kreve inn skatt også då, hø hø. Det er greitt. Det taklar vi.

Neste sommar kjem det heldigvis eit nasjonalt forbod. Det treng vi. Neste år er det ikkje eingong VM eller EM.


Først publisert i Aftenposten 14. Juli.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!