Forlag samarbeider om e-bøker

Norske forlag har gått saman om ei norsk, alternativ løysing for sal av barnebokappar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er forlaga Cappelen Damm, Gyldendal, Aschehoug og Samlaget som har gått saman om ei alternativ løysing i tillegg til kanalane til Apple og Google for sal av barnebøker, såkalla eBok+.

Ei felles norsk sals- og distribusjonsløysing for barnebøker, vil likna den norske modellen for sal av e-bøker til vaksne. Cappelen Damm seier i ei pressemelding at fordelen med ei slik løysing er at kundane blir meir teknologiuavhengige.

– I dag blir bøkene me har kjøpt låst til den nettbrettleverandøren ein vel og sjølvsagt blir det vanskelegare å byta teknologi. Med den nye løysinga held me forlaga orden på bøkene og kan levera til alle dei mest brukte nettbretta.

LES OGSÅ: Samlaget med digital storsatsing

Løysinga skal også gjera at det blir billegare å produsere langt fleire barnebøker som e-bok, enn kva det tidlegare har vore.

Tanum.no, som er først ute med dette av salskanalane, har laga ein eigen e-boklesar for barn med namnet «Boksnuser». Etter kvart vil også fleire nettbokhandlarar tilby eBok+.