Her er årets studentbedrift

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette melder Ungt Entrepenørskap Norge, som deler ut prisen, i ei pressemelding.

Studentbedrifter frå heile landet skulle visa fram sine beste idéar, og heilt på toppen hamna batteridrillholdaren Third Arm. Det er eit ganske enkelt hylster som vert festa på gardintrappa di, og vert skildra av vinnarane sjølv som “den tredje armen du gjerne skulle hatt når du jobbar i ei gardintrapp”.

Med sigeren kjem ein billett til Amsterdam, der produktet skal visa seg fram mot europeiske konkurrentar i EM for studentbedrifter. Med på turen er og Contra SB, frå same høgskule. Dei vann Ferdsprisen for størst internasjonalt potensial.

LES OG: Vil ha fleire studentbedrifter

– Eit udekka behov

Juryen for konkurransen seier at vinnarlaget har sterk, fagleg kompetanse, relevant arbeidserfaring og kreativitet. Kort fortalt får dei skryt for å gjera om desse kvalitetane til ein enkel ide med stort potensiale.

– Me er ufatteleg glade! Dette var målet vårt heile vegen, seier Kim Østreim, dagleg leiar i Elio SB.

– No får me høve til å vida fram idéen vår for eit mykje større publikum. Me gler oss til EM, seier han.

Legg til rette

Høgskulen i Telemark har gjennom fleire år lagt opp til studentbedrifter for ingeniørstudentane sine, noko dei får skryt for av Ungt Entrepenørskap Norge.

– Eg er imponert over Høgskulen i Telemark og håpar fleire høgskular og universitet får augene opp for potensialet, seier Anne Kathrine Slungård, administrerande direktør i UE Norge. Ho legg til at potensialet i studentbedrifter er stort, både når det kjem til erfaring, kreativitet og nettverk.