Vil lada elbilar på Mongstad

Det må vel kunne kallast å gå inn i løvas hole, når dei no skal bygga ein ladestasjon for elbilar like ved eit av verdas største oljeraffineri, som produserer fleire millionar liter med bensin og diesel årleg, på Mongstad.

Framtida
Publisert
Oppdatert 10.07.2017 17:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No søker nemleg fylkeskommunen om pengar til bygging av ladestasjon der ute.

Det må vel kunne kallast å gå inn i løvas hole, når dei no skal bygga ein ladestasjon for elbilar like ved eit av verdas største oljeraffineri, som produserer fleire millionar liter med bensin og diesel årleg, på Mongstad.

Kraftig auke av elbilar
Medan det i mars 2013 ikkje var fleire enn 55 elbilar i Nordhordland, har det i april 2014 auka til 191.

LES OGSÅ: Svein Harald kjem aldri til å kjøpa bensinbil igjen

I april 2014 utgjorde ladbare bilar vel 1,6 prosent av bilparken i Hordaland, men heile 27 prosent av nybilsalet. Dette krev tiltak på infrastruktursida.

Til no har fylkeskommunen tatt initiativ til 14 hurtigladestasjonar i regionsentra og viktige knutepunkt i fylket. Stasjonane vert som regel oppretta ved spleiselag mellom kommunar, kraftselskap, fylkeskommunen og den nasjonale tilskotsinstansen Transnova. Vidare eigast og driftast alle stasjonane av kraftselskapa som er lokale nettleverandørar.

Som knutepunkt mellom fylkesveg 57 og 565 ligg Mongstad sentralt plassert langs kyststamvegen.

Kan lada på Spar
Passerande bilar omfattar både lokal trafikk, mellom anna til arbeidsplassen Mongstad, og regional gjennomgangstrafikk mellom kommunane Austrheim og Lindås og mellom Bergensområdet og Gulen. Ein hurtigladestasjon er ein føresetnad for å trekkje vitjande elbilistar til område og å auke talet på ladbare bilar i dei nemnde kommunane.

LES OGSÅ: El-bilsalet til himmels i Nordhordland

Hordaland fylkeskommune er i kontakt med Songnes Bygg og ein har verte samde om ein vederlagsfri plassering av hurtigladestasjonen på tomta ved eksisterande SPAR-butikk på Mongstad.

Den fjerde stasjonen
Denne plasseringa ligg nær tenestetilbod og trafikale knutepunkt og oppfyller difor kriteria for ein tilgjengeleg og brukarvennleg hurtigladestasjon.

Det kostar nesten 630 000 kroner å etablera ein slik ladestasjon, difor har no fylkeskommunen søkt Lindås og Austrheim kommunar om 77 990 kroner frå kvar av kommunane. Det utgjer til saman 25 prosent av byggekostnadane for ein ladestasjon.

Det vil verta den fjerde ladestasjonen i regionen, med ein i Knarvik, ein i Oppedal og ein som skal komma i Romarheimsdalen i sommar.

LES OGSÅ: Elektrisk satsing på el-39

Saka var først publisert i Nordhordland.