Kraftig oppgang for e-bøker

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forleggerforeningens bransjestatistikk viser ein vekst på 2,7 prosent i den norske bokmarknaden frå 2012 til 2013 til 5.640 millionar kroner. Omsetninga av e-bøker auka frå 11,3 millionar kroner i 2012 til 19,5 millionar kroner i fjor.

LES OGSÅ: Færre e-bøker enn forventa

Ein av tre med e-bokutgåve
Statistikken viser at talet på nye e-bøker var om lag 1.400 i fjor. Det tyder at ein tredel av dei nye titlane også kjem som e-bok. Talet på tilgjengelege e-bok-titlar var ved slutten av 2013 om lag 5000.

Talet på nye titlar gitt ut av Forleggerforeningens medlemmer vart i 2013 redusert med cirka 1.000. Nedgangen fordeler seg på billigutgåver, lydbøker og e-bøker, slik at talet på genuint nye titlar er om lag det samme i 2013 som i 2012, det vil seie nær 4000.

LES OGSÅ: Stor vekst i salet av e-bøker

Prisoppgang
Gjennomsnittsprisen for bøker utgitt av Forleggerforeningens medlemmer auka med 7 prosent frå 2012 til 2013 etter ein nedgang frå 2011 til 2012 på 3 prosent.

I forhandlarleddet er det bokklubbane som gjorde det best i 2013. Etter år med kraftig nedgang, auka bokklubbane omsetninga si med 8,1 prosent frå 2012 til 2013, viser bransjestatistikken. (©NPK)