Kan ein dansa Agnes Ravatn?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me vil laga ein fest for Agnes Ravatn. Det vil bli eit fyrverkeri av ei endevending! seier dansarane Solveig Styve Holte, Ann-Christin Berg Kongsness og Marte Reithaug Sterud til Framtida.no.

Laurdag 28. juni klokka 22.30 går dei på scenen i Aasentunet i Ørsta med eit tingingsverk som tar for seg festivalforfattaren og tekstane hennar. Førestillinga har fått namnet Endevendinga. Dei som har lese den siste Ravatn-boka, Fugletribunalet, har fått med seg ei brå endevending heilt på slutten av boka.

– Me startar der boka sluttar, røper Marte Reithaug Sterud.

Dansarane lar seg inspirera av forfattarskapen til Agnes Ravatn, men understrekar at det vil vera deira tolkingar. Dei vil ikkje bruka tekstane til forfattaren, og er snare med å understreka at dei ikkje jobbar etter ei historie.

– Me jobbar ikkje med å omsetja tekst til dans. Me vil prøva å finna ut kvar det ho skriv kjem frå, seier Ann-Christin Berg Kongsness.

Les bokmeldinga vår av Fugletribunalet!

– Uredd forfattar
– Som skribent, eller samfunnsstemme, tolkar eg henne som opptatt av å aktualisera ting. Ho er ikkje redd for å setja ord på det som er faktisk. Ho er veldig direkte. Me har òg snakka om at ho har noko skamlaust ved seg, i positiv forstand. Ho er veldig uredd, seier Solveig Styve Holte.

– Me prøver å ha ei uredd tilnærming til det me har blitt bede om å gjera. Me tar litt ekstra i, på alle moglege måtar, skyt Ann-Christin Berg Kongsness inn.

– Korleis skal de klara å dansa ironien og sarkasmane hennar?

– Det veit me ikkje heilt enno, seier Solveig Styve Holte og smiler lurt.

To veker før festspela, flyttar dei til Aasentunet for å førebu seg til førestillinga.

LES OGSÅ: Skreiv Noregs nest løgnaste

Vandring
Førestillinga vil byrja i amfiet, men publikum vil bli tatt med på ei vandring rundt inne på Aasentunet.

– Me har snakka om det om å endevende korleis publikum forheld seg til oss. Det blir veldig gøy å jobba innandørs, seier Solveig Styve Holte.

I 2011 blei voldingen invitert av Dei nynorske festspela for første gong til å laga ei førestilling saman med forfattarar og musikarar. Då gjekk ho på Skolen for Samtidsdans, og fekk ho med seg medstudentane Ann-Christin Berg Kongsness og Marte Reithaug Sterud på å laga ei førestilling utandørs. Sidan har dei jobba mykje kvar for seg. No gler dei seg til å jobba i lag igjen.

– Me har vore ein studietur til Japan og jobba med stadsspesifikk kunst, mellom anna med korleis kroppen kan nesten bli ei forlenging av eit rom, fortel Marte Reithaug Sterud.

– Mange rom har ganske mange konvensjonar om korleis dei skal brukast. Me er veldig medvitne på kva konvensjonar me er interesserte i å følgja opp, og kva me vil bryta. Det skal jo trass alt vera ei endevending, seier Ann-Christin Berg Kongsness.

LES OGSÅ:Ravatn raga høgast

Framtidsdans.no
Dansarane skriv mykje om det dei held på med på Framtidsdans.no. Ann-Christin Berg Kongsness starta nettsida for å dela den delen av kunstnararbeidet som sjeldan når ut til eit publikum; alle tankane, refleksjonane, idéane, oppdagingane og meiningane om og i arbeidet.

– Det handlar om å ikkje gi all makt til kritikarane og danseteoretikarane, men å ta definisjonsmakta tilbake, fortel ho.

– Koreografi betyr eigentleg «å skriva dans» på gresk, seier Solveig Styve Holte, som sjølv tar master i koreografi ved Kunsthøgskolen i Oslo.

LES SISTE AGNES RAVATN-NYTT HER!

Faktaboks

Agnes Ravatn

• forfattar, bloggar og journalistisk essayist med ei observant, frekk og morosam form og med ei tydeleg litterær røyst.
• fødd 8. februar 1983 i Ølen i Vindafjord og er no busett i Oslo.
• festspelforfattar ved Dei nynorske festspela 2014.
Les meir i Allkunne!