NFF tillèt regnbogeflagg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var Bergens Tidende som først omtalte saka om at Homonettverket har laga eit Facebook-arrangement der dei oppfordrar inviterte medlemmer til å ta med seg regnbogeflagg på fotballandskampen laurdag.

Flagga skal vise støtte til homoseksuelles rettar og markere at fotball er for alle, forklarte initiativtakar og fotballsupporter Gjert Moldestad.

– Vi har vore i kontakt med Norges Fotballforbund og fått beskjed via politiet om at det berre blir tillate med russiske og norske flagg. Og at vi vil bli bortvist dersom vi stiller med regnbogeflagg, sa Moldestad til BT.

T-skjorter tillatne
Det er ei kjent sak at russiske lover forbyr «propaganda» for ikkje-tradisjonelle seksuelle relasjonar. Norges Fotballforbund vil unngå politiske aksjonar mot russiske lover, men presiserte fredag at det ikkje vil forby alle typar regnbogeflagg på Ullevaal stadion.

– NFF ønskjer å gjere fotballen til ein arena fri frå homohets der alle ska få vere seg sjølv, samtidig som vi behandlar alle politiske grupperingjer likt. Det er ikkje ettergjeving, men prinsippfastleik, skriv forbundet.

– I denne saka har vi sagt nei til bruk av banner og politiske markeringar på tribunen, i tråd med vanleg praksis. T-skjorter med regnbogefargar er tillatne. Det same er flagg i avgrensa storleik. Her vil vaktene gjere ei skjønnsmessig vurdering ved innslepp på stadion, heiter det vidare.

– Ullent av NFF
Styreleiar i Homonettverket, Kristin Bergersen, er glad for at NFF har letta på forbodet mot regnbogeflagg.

– Det er flott at det er greitt med flagg på ein viss storleik. Vi får sjå kva vi får sleppe inn med. Eg synest NFF har opptredd ullent i saka. Dei burde tatt eit klart standpunkt tidlegare og forstått betydinga av regnbogefargane. Dette kjennest som eit kompromiss, seier Bergersen til NTB.

– Vi planla ei fredfull markering for mangfald og at fotballen er for alle. Dette var aldri meint å vere ein demonstrasjon, legg ho til.

Torsdag kveld vart det anslått at omtrent 25– 30 personar vil stille på Ullevaal med regnbogeflagg. (©NPK)