– Gode tekstar er ikkje nok

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag kveld stakk Eskil Åsmul av med førsteplassen i årets Forfatterfight på Kulturhuset i Oslo. Dermed var kontrakt med Juritzen forlag i boks.

– Det passa bra, eg har faktisk sagt opp jobben som programmerar for å satse på å bli forfattar. Draumen er sjølvsagt å kunne leve av skrivinga, seier Åsmul.

Åsmul har skrive heile livet og ga i 2007 ut ein roman, utan at dette gjorde han til forfattarkjendis. Men med ei ny bok og bokkontrakt kan dette vere byrjinga på å setje draumen ut i live. Om Åsmul klarer å stikke seg ut, da.

Kjendisfaktoren kan vere avgjerande

– Marknaden er slik at det er nokon få som lukkast veldig, medan andre ikkje kan leve av det. Det hjelper å vere kjendis har eg skjønt. Det finst nok mange som skriv godt, men nødvendigvis ikkje hadde likt å stå på scena her i dag. Eg merka det var tøft, ein er på ein måte dobbelt eksponert og blir dømd både på tekst og framføring. Det er liksom deg heile vegen, seier Åsmul.

Han møter Hans-Olav Lahlum utanfor Kulturhuset like etter prisutdelinga.  Den kjende historikaren, kriminalforfattaren og SV-politikaren har den siste tida vore synleg i både «Dama til» på NRK, verdas lengste intervju på VGTV og som ekspertkommentator under dekkinga av sjakk-VM. Om dette har påverka salet av bøker er han ikkje sikker på.

– Eg var jo først og fremst kjend som forfattar, så har eg vore med på ein del i ettertid som heilt sikkert har hatt sine fordelar. At ein er synleg og i tillegg markerer seg i samfunnsdebatten kan sjølvsagt slå positivt ut, men det kan også slå andre vegen om nokon er svært ueinige, ler Lahlum.

Han påpeikar at det har vore kjendisar som har forsøkt seg som forfattarar og ikkje lukkast, og omvendt.

– Det vil til slutt vere deg og ditt litterære prosjekt det handlar om blant lesarane og kritikarane. Fallhøgda er kanskje større om ein er profilert kjendis ifrå før, konkluderer han.

Skodespelar og forfattar Øystein Wiik, forfattar og bokanmeldar Tom Egeland, forfattar og språkforskar Helene Uri og forfattar Anne B. Ragde var dommarar under forfattarfight denne veka.

– Forfattarar vert aldri rockestjerner
Til liks med musikkbransjen spår fleire ei ny tid for forfattarane. Platene er bytta ut med Spotify og nedlastingar, kva skjer med bøkene og bokhylla? Kanskje er omstillinga allereie i gong. Artistar må i større grad livnære seg på omdømme og konsertar, må forfattarane i større grad inn i rampelyset?

Anne B. Ragde, Øystein Wiik, Helene Uri og Tom Egeland var alle dommarar under Forfatterfight på Kulturhuset, som godt etablerte og kjende forfattarar delar dei sine tankar om framtidas bokhyller.

– Enn så lenge kan vi leve av inntektene frå det fysiske salet, men utviklinga kjem nok til å treffe det skrivne ord også, seier Ragde.

Forfattargjengen er likevel einig i at utviklinga i musikkindustrien forhåpentlegvis ikkje kjem til å bli den same for litteraturen.

– Med «strauming» av musikk kan musikkbransjen ta igjen dette med livekonsertar. Men forfattarar vert aldri rockestjerner og vil slite med å fylle Spektrum. Det er to ulike medium, musikken fyller rommet medan leseopplevinga er noko anna, seier forfattar og skodespelar Øystein Wiik.

– Når eg er hos folk går eg alltid bort til bokhylla. Det var for så vidt det same med platesamlinga på den tida. Men alt dette seier nok berre at vi byrjar å dra på åra, ler Tom Egeland.

Ragde legg til:

– Får ein besøk, så set ein på musikk, men ein ville aldri funne på å setje på ein roman. Bøkene får stå i bokhylla. Vis meg bokhylla di, og eg skal seie deg kven du er.

Alltid vanskeleg å slå gjennom

Om utviklinga har gjort det vanskelegare for nye forfattarar å slå igjennom vil ikkje forfattarane konkludere med.

– Det har alltid vore vanskeleg, fordi det er så mange om beinet. Ein kjem ikkje bort ifrå at det ofte handlar om ei dose flaks, å treffe marknaden på riktig tid med riktig bok. No er det mange som konkurrerer om oppmerksamheita, seier Egeland.

– Forlaga likar eksponeringa og det er heilt klart viktig for ein debutant. Men du har unntak, Jo Nesbø er jo ein beskjeden type. Uansett er det vanskeleg å skulle leve av det. Ein må alltid sikre seg med noko ved sidan av. Utdanning og jobb må ein ha i tillegg, legg Ragde til.

Arrangørane av Forfatterfight 2014 lova ny festival for forfattarspirer også neste år

Faktaboks

Forfattarane sine eigne tips til nykommarane:

Helene Uri, forfattar, språkforskar og professor:
– Hald fast ved di eiga stemme og ditt eige særpreg. Bruk dette utan kompromiss. Og ikkje minst, les andre gode forfattarar.

Tom Egeland, forfattar, journalist og bokanmelder:– Det handlar ein del om flaks. Men det viktigaste; skriv, skriv, skriv.

Anne B. Ragde, forfattar:
– Skriv om det du veit noko om, ein treng ikkje alltid dikte. Jobb deg i hjel og så må du tørre å «kill your darlings».

Øystein Wiik, songar, skodespelar og forfattar:
– Det er som med slanking. Du tek tre gram kvar dag og i løpet av nokre månader vert det ein kilo eller to. Av og til får ein napp og av og til ikkje.