– Ap går i Mongstad-fella igjen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me fryktar ytterlegare utsettingar. Det er ein tragedie at Ap går i Mongstad-fella igjen, seier NU-leiar Arnstein Vestre.

Arbeidarpartiet gjekk 16. mai ut med dei andre opposisjonspartia og kravde elektrifisering av oljefelta på Utsirahøgda frå oppstartsfasen av prosjektet. Tysdag gjekk partiet ut og sa at det er mogleg å la oljefeltet få straum frå land ved det andre byggetrinnet. Det betyr at elektrifiseringa truleg vil bli utsett med 3-5 år. Dette set sinna i kok hos Natur og Ungdom.

– Me trudde dette var starten på det grøne skiftet i Arbeidarparitet, no viser det seg at det dei lova berre var tomme ord. No gjev dei roret tilbake til Statoil, som får starta opp utan krav om elektrifisering frå dag éin, det er ein tragedie, seier Arnstein Vestre, leiar i Natur og Ungdom i ei pressemelding.

Fryktar vidare utsetjingar

Organisasjonen fryktar at dette er eit knefall for oljeindustrien, som ikkje ynskjer elektrifisering, og at dette vil føra til ytterlegare utsettingar, med ytterlegare auka utslepp. Dei fryktar at Utsira vert eit nytt Mongstad, og at full elektrifisering aldri vert gjennomført.

– Semja 16. mars var ein siger, der me trudde at Stortinget tok tilbake styringa i klimapolitikken. No ser me at Arbeidarpartiet feigar ut, og lèt Statoil ta tilbake roret. Statoil ynskjer ikkje elektrifisering. Me trur dette vil føra til ytterlegare utsettingar, seier Vestre.

Natur og Ungdom fryktar ny månelanding

Organisasjonen viser til at Stortinget i 2005 ikkje kravde at gasskraftverket på Mongstad vart reinsa med karbonfangst og –lagring frå dag éin. Dette meiner organisasjonen er ein av hovudgrunnene til at Stoltenbergs ”månelanding” havarerte.

– Her går Arbeidarpartiet i Mongstad-fella igjen. Dei lèt seg styre av Statoil, som får sjølv får setja tidsplanen for prosjektet. Hovudgrunnen til at Arbeidarpartiet si ”månelanding” havarerte var at Statoil sjølv sat ved roret. Me er redd for at dette vil skje òg no, avsluttar Vestre.