– Ingen er jo heilt symmetriske

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du har sikkert høyrt det. At eit symmetrisk andlet er eit vakkert andlet. Har du teke ein grundig kikk i spegelen har du sikkert òg lagt merke til at andletet ditt ikkje er heilt symmetrisk.

LES OGSÅ: Historia bak det historiske biletet

Camilla-studier
Som dei fleste av oss har Camilla Karlsen sett nøye på seg sjølv både i spegelen og på bilete. Ein dag la ho merke til ujamnheiter i andletet sitt.Det eine auga var litt større enn det andre, det eine naseboret gjekk litt lenger opp og det eine augebrynet var litt meir heva. Dette vart utgangspunktet for fotokunstprosjektet «Min bedre halvdel».

– Det var litt som eit forskingsprosjekt, som har gitt meg mykje. Eg har ikkje redigert på fargen, fordi eg ville syne den usminka sanninga. Det skulle ikkje sjå fint ut, men syne forskjellane objektivt – svart på kvitt, fortel fotograf Camilla Karlsen.

20-åringen frå Halden, som i år har vore fotostipendiat ved Buskerud folkehøgskule, tok bilete av seg sjølv og nytta dette som utgangspunkt for å spegle dei to sidene. Ville begge dei symmetriske versjonane fortsatt sjå ut som ho sjølv?

– Eg tykkjer faktisk det eine manipulerte biletet er litt finare enn det ekte. Den sida med piercing i. Eg kan vagt hugsa at eg valde å ha piercing i den sida fordi det var den eg ville framheva, fortel Karlsen.

LES OGSÅ: Reinen har blitt fotograf


Slik ser Camilla Karlsen eigentleg ut. Foto: Camilla Karlsen

Frivillige forskingsobjekt
Då ho synte prosjektet for klassen vart det møtt med både latter og diskusjon. Mange av venene ville at ho skulle nytte dei som modellar. Og slik fekk ho tak i fleire forskingsobjekt.

 – Eg trur til ein viss grad at symmetri har noko med objektiv skjønnheit å gjere, seier Karlsen, men legg til at skjønnheit er subjektivt.

Det ferdige resultata vart stilt ut som hennar avsluttande prosjekt på Buskerud folkehøgskule i midten av mai, og er framleis å sjå på heimesidene til fotografen.

– Eg følte at eg var veldig usymmetrisk, så det var på ein måte lettande å sjå at dei eg ser på som kjempepene, ikkje var symmetriske, fortel fotografen, og legg til:

– Ingen er jo heilt symmetriske. Det går ikkje an.

Fleire av dei avfotograferte folkehøgskulevenene vart sjokkert over resultatet, fordi dei ikkje hadde tenkt så nøye over symmetrien i andletet sitt.

LES OGSÅ: På flukt med fotoapparat

Ein illusjon
Det fotografiske uttrykket ho har freista å få fram med sitt Nikon d6000 er reint og kirurgisk. Til dette har ho nytta blits for å få eitt flatt lys. Linsa er sigma 24-70 mm 1:2,8.

I etterarbeidet har ho speglvendt bileta, men bevisst latt vere å retusjere kanten mellom dei to delane.

Publikum oppdaga fort at det var noko rart med bileta, men det var ikkje alle som skjøna kva som var gjort med det same.

Til og med fotografen sjølv har somme tider vorte lurt av kva bilete som er ekte og kva som er manipulert, når ho har sett bileta kvar for seg. Ho tykkjer at dei fleste modellane liknar seg sjølv, eller nære slektningar, etter at dei har vorte manipulert.

– Det er ein av dei tinga eg likar med foto. Når du ser at ein liten ting er rart, og litt etter litt skjønar du kva det er, seier Karlsen, som har søkt studier til hausten, men heilt sikkert kjem til å fortsette å fotografera på fritida.

Ser du kva av bileta under som er ekte?

 

Frå fotokunstprosjektet «Min bedre halvdel». Foto: Camilla Karlsen