Nihad Sijamhodzic frå Haukeli var på ferie i heimlandet Bosnia då flaumen ramma Balkan denne veka. No håpar han mange vil støtte flaumofra med pengar til naudhjelpsarbeidet.

Randi Berdal Hagen, Vest-Telemark Blad
Randi Berdal Hagen, Vest-Telemark Blad

Sijamhodzic hadde vore heime i Bosnia på ferie nokre veker då den verste flaumen på 120 år ramma Balkan denne veka. Over 1,6 millionar menneske i nabolandet Serbia er ramma, og ytterlegare ein million i Bosnia-Hercegovina, melder NTB. Kroatia er òg ramma. Fleire gjev uttrykk for at landa på Balkan no er sett 20 år tilbake – dei 20 åra dei har brukt på å byggje seg opp att etter at den forferdelege krigen herja.

– Det har vore heftig. Byen eg er i er ikkje like hardt ramma som andre, men også her har vatnet fossa gjennom hovudgata. Nabobyen har fått skikkeleg juling. Eg skal dit i morgon, sa Sijamhodzic på telefon frå Bosnia torsdag ettermiddag.

Likevel er ikkje tilhøva like ille i dette området av landet, som det er i Sentral-Bosnia og delar av Serbia.

Sijamhodzic fortel om landsbyar der husa har forsvunne i store jordras. Mange er avskore frå omverda, og mangelen på reint vatn er stor. Vegane er øydelagde, og gjørma ligg som eit tjukt, uframkomeleg lag overalt.

– Dette er ei katastrofe ein ikkje greier å forstå omfanget av, fortel Sijamhodzic.

Gjørme gjer alt verre
I heimbyen har vatnet mange stader stått ein halvmeter over bakken. Ein tjukt lag med gjørme ligg att, blanda med kloakk. I gjørma ligg daude kyr, geiter og hundar. Det er over 25 varmegrader. Stanken er ubeskriveleg, seier Sijamhodzic.

– Det er nesten ikkje mogleg å starte oppryddinga enno, når alt berre er gjørme. Maskiner kjem heller ikkje fram, seier han.

Han er også redd for landminene som framleis ligg i jorda sidan den brutale krigen på 90-talet.

– Mineområda kan ha forflytta seg med flaumen. Viss det har skjedd kan oppryddinga bli livsfarleg, meiner bosniaren.

Vil hjelpe
Behovet for reint vatn, medisinar, straumaggregat og utstyr som gummistøvlar og varme teppe er enormt. Gjennom Bosnisk foreining i Haukeli ynskjer Sijamhodzic og dei andre å hjelpe der dei kan, og vil no samle inn pengar som foreininga formidlar vidare der det er størst nytte for dei.

– Eg er no på jakt etter truverdige organisasjonar som kan ta imot pengane og sikre at dei går dit dei skal. Diverre oppstår det nokre uærlege aktørar i slike situasjonar, seier Sijamhodzic.

Han vil no ta kontakt med sivilforsvaret og Røde Kors lokalt for å finne ut korleis han kan sikre at pengane kjem til størst mogleg nytte.

Sjølv kjem Nihad heim på tysdag. I mellomtida kan dei som vil hjelpe ta kontakt med Ragnvald Christenson i Haukeli.

Folkegruppene står saman
Sijamhodzic ser ei positiv side oppi alt det forferdelege.

– Folk står saman – uavhengig av religion, nasjonalitet og etternamn. No handlar det berre om å hjelpe kvarandre, fortel han.

– Når vanlege folk har starta å tenkje slik, håpar eg politikarane i landa kjem etter. Det er på tide å snu plata og spele andre songar enn dei har gjort til no, seier Nihad.

Les saka i Vest-Telemark Blad!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.52
ANNONSE