Er du telefil?

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva tyder den gule strikkejakka til Peggy i Mad Men, serien om eit av New Yorks mest prestisjetunge reklamebyrå på 60-talet? Og kvifor skiftar hennar kollega, Joan, frå ei rosemønstra til ei leopardmønstra kjole?

– I Mad Men er det ikkje eigentleg handlinga som står i fokus. Serien er heller bygd rundt tematikk som er vel så synleg i estetikken som i handlinga, seier tv-vitar Gry Cecilie Rustad.

I slutten av mai disputerer ho på ei doktogradsavhandling om tv-seriane Mad Men, The Wire, Treme og Luck. Rustad meinar desse og liknande seriar inviterer til ein alternativ måte å sjå tv på – ei telefil sjåaroppleving.

LES OGSÅ: Splitta kvinner, splitta sex

Ikkje som andre sjåarar
Tv-vitaren fekk ideen til avhandlinga på amerikanske debattforum. Rustad la merke til at Mad Men-fansen diskuterte på ein annan måte enn dei som ytra seg om andre populære seriar, som Lost eller Breaking Bad.

Medan Lost-fansen ofte diskuterer om menneska i serien nokon gong vil kome seg frå den aude øya og Breaking Bad-sjåarane spekulerer i om metamfetaminbedrifta til hovudpersonen kjem til å bli avslørt, kan Mad Men-tilskodarane greie ut om estetiske detaljar, som eit blikk eller plasseringa av ein gitar. Bloggarane Tom + Lorenzo, til dømes, tek kring 100 skjermbilete frå kvar episode, og analyserer symbolikken i kostyma.

– Det er ein veldig spesiell måte å sjå tv på, og eg har forsøkt å finne ut kva det er med tv-seriane som inspirerer til ein slik type sjåar-oppleving, fortel Rustad.

Seriane Mad Men, The Wire, Treme og Luck er svært ulike, men har samstundes nokre fellesstrekk. Eit av desse er at dei er mindre handlingsbaserte og meir tematiske enn mange andre seriar. I staden for å ta føre seg eit mysterium, undersøker dei ein tematikk, ein ide eller eit fenomen.

LES OGSÅ: Fryktar kinodød i utkantane

Breaking Bad dreier seg til dømes om historia til kjemilæraren Walter White. Utan White, ingen serie. I The Wire kunne derimot serieskaparane skrive protagonisten Jimmy McNulty ut av serien, og framleis ha ein serie. Rustad forklarar dette med at serien er tematisk oppbygd. Første sesong handlar om organiseringa av politiet, sesong to om arbeidarklassen, tredje sesong om politikk og moglegheitene for reformasjonar, og så vidare.

Serien har inspirert diskusjonar om til dømes kriminalitet, urbanisering og fattigdomsspørsmål. På same måte har Mad Men starta debattar om til dømes feminisme og likestilling. Fansen dveler ved estetikk og symbolikk, og er mindre opptekne av sjølve handlinga.

– Serieskaparane får til dømes fram korleis feminismen gradvis trer inn i samfunnet gjennom kostyma og kroppspråket til Peggy i Mad Men. Skjørtelengda hennar vert kortare og kortare utover i sesongane, seier Rustad.

Ei telefil sjåaroppleving
Rustad kallar slike alternative sjåaropplevingar telefile.

– Den telefile sjåaren er oppteken av det estetiske og det tematiske, og er veldig analytisk, forklarar tv-vitaren.

LES OGSÅ: På sida av boksen

Rustad vil ikkje plassere dei populære seriane True Detective, Game of Thrones eller House of Cards i denne kategorien. Sjølv om desse seriane inviterer til analyse, stiller dei andre spørsmål til sjåaren.

– I handlingsbaserte seriar spør ein seg gjerne kva som kjem til å skje. Kven er ‘The Yellow King’ i True Detective? Kva vil skje med Francis Underwood i House of Cards? I dei tematiske og estetiske seriane spør ein seg kva det estetiske tyder. Kvifor har Peggy på seg ein grøn, moteriktig kjole? Kvifor går Don i brun dress?

Allerie på veg ut
Eigentleg byrja det heile allereie på 80-talet, då såpeseriar som Dallas og Dynastiet gjorde sitt inntog i beste sendetid. Den amerikanske tv-kanalen HBO oppdaga snart at også mange velutdanna unge menneske var interessert i tv-seriar, men at desse stilte andre krav til underhaldninga.

LES OGSÅ: Regissør nominert for beste foto

Dette publikummet ville ha samansatte seriar, med seriøse tema. HBO gav dei seriar som The Wire, The Sopranos og Deadwood, der serieskaparane lånte grep frå kunstfilmar, både i handling og estetikk.

Men omtrent like fort som ein medievitar rakk å sette ord på fenomenet, kan dei kunstfilm-inspirerte tv-seriane vere på veg ut. Trass dedikerte fans som gjerne skriv hundrevis av ord om estetiske detaljar, kan dei ikkje konkurrere med sjåartala til seriar som Game of Thrones og The Walking Dead.

– Bølgja kom på byrjinga av 00-talet, og er allereie byrja å bli erstatta av blockbusters og krim, som ikkje inspirerer til telefile sjåaropplevingar. Når berre 500 000 såg sesong fire av The Wire, mot fleire millionar som har sett Game of Thrones eller Walking Dead, så er det ikkje rart at serieskaparane lagar flest av sistnemnte type. Det kan godt vere at telefilien vil bli ein historisk avgrensa periode i tv-historia, seier Rustad.

LES OGSÅ: Storfilm under innspeling på Finse