Festtoget fekk nynorskdrakt

Are Kalvø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I samband med grunnlovsjubileet i år lyste Stortinget ut ein konkurranse om å lage ein jubileumssong.

LES OGSÅ: – Ein historisk dag for nynorsken

Mangel i jubileumsopplegget
– Songen «Det går et festtog gjennom landet» er ei jubileumsgåve til det frivillige song- og musikklivet, sa tidlegare stortingspresident Dag Terje Andersen under lanseringa av songen.

Men Volda Mållag meinte det var ein mangel i jubileumsopplegget at songen ikkje vart omsett til nynorsk, skriv avisa Møre.

LES OGSÅ: Vil ha norske jordbær 17.mai

Uoffisiell omsetjing
Styreleiar i Volda Mållag Gudrun Kløve Juul og styremedlem Anne Steinsvik Nordal omsette derfor «Det går et festtog gjennom landet!» til nynorsk. I veka før 17. mai gjekk dei rundt på skulane i Volda og delte ut den omsette versjonen.

– Denne omsetjinga er ikkje offisiell, vi har snakka med Stortinget og dei sa at dei må godkjenne songen endeleg, men at det var heilt greitt at skulane nyttar denne versjonen, fortel Gudrun Kløve Juul til avisa. (©NPK)