Bokmelding: YAHYA HASSAN

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ifølgje han sjølv skal det vissnok stå Y-e-h-y-a i passet hans, av di foreldra ikkje kan stave. Inspirert av Karl Ove Knausgård skriv Yahya Hassan si forteljing. I dikta «tek han piss på» den muslimske kulturen han har verte oppdrege i og han gjer samtidig opprør imot det danske samfunnet som han ikkje har lett for å finne seg til rette i. Med YAHYA HASSAN har 18 år gamle Yahya Hassan teke Danmark med storm. Men han har òg skapt uvêr i dei muslimske miljøa.

I store bokstaver skriv Yahya Hassan ærleg og ope om kvardagen heime. Ein kvardag med pryl, piss og islam. Han skriv om ferieminner frå Skandinavia så vel som frå Midtausten. Han skriv om flyktningleirar og om danske ungdomsfengsel. Han blottlegg familie, venar og ikkje minst seg sjølv. Ein innvandrar er ikkje det same som ein innvandrar. Eit dikt heiter GHETTOGUIDE og i eit anna skildrar diktaren kvardagen som avløysar for ein pusherfetter. Det er eit tilvære med muslimske høgtider, halalslakt og omskjering, men det er også det danske – Michael Strunge i samling, fatøl og stekt flesk med persillesaus.

I diktsamlinga finn ein titlar som POLITIJAKT (I-II), ARRESTERT og TIL PSYKOPATENE. Yahya Hassan skriv om maktmisbruk frå forskjellege autoritetar, både i heimen og i møte med danske samfunnsinstitusjonar. Her er dikt om vanskane med å leve i kryssinga mellom forskjellige kulturar, men her er samtidig håp om at ein kan få sjansen til å verte ein annan.

[…] KANSKJE JEG FORTJENER ET FOLKEHØYSKOLEOPPHOLD / SÅ JEG KAN KOMME VEKK FRA GHETTOEN! / SÅ JEG KAN GJØRE MIN MOR STOLT! / SÅ JEG KAN VÆRE EN FALSK FORBILDE / FOR MIN BRØDRE JEG TENKER! / FUCK TENNENE DERES SOM KLAPRER I KULDEN / OG RØYK SOM KRYMPER INNOVER / OG PISSER LITT PÅ NYMO PÅ SNØEN HENNES / HER ER MIN HISTORIE! DISKUTER DEN / MED SUKKERBITER OG KAFFE I MELKEN […]

Yahya Hassan har sin eigen stil. Framsyninga er viktigare enn syntaksen. Som lesar er eg personleg litt ambivalent med tanke på om eg vert gripen av dikta eller ikkje. Trass eit sterkt innhald, eg tenkjer især på dikta i første del der diktaren beskriv mange tilfelle av slagsmål, kjekling og tjuvskap, har språket ein noko likesæl tone. Språklege nyansar kan tenkjast å ha gått tapt i oversettinga frå dansk, men i annan halvdel av samlinga er råskapen i språket tydelegare enn i dei første dikta. Dette kler «perkerimaget» hjå Yahya Hassan. I dei siste dikta, som også er svært lange, kan ein også tydeleg merke den unge diktaren sin dragkamp i mellom ulike kulturar. Her skriv han særs godt det er her samlinga er på sitt beste.

Yahya Hassan er ei ærleg og spanande stemme. Han lever med politivern etter fleire drapstruslar, men i den litterære verda har han verte motteken med rosande kritikk og litterære prisar og stipend. Med ein plass på forfattarskulen i København kan ein håpe og tru at han nyttar moglegheita til å utvikle seg vidare som diktar.

Les fleire bokmeldingar her!

Faktaboks

YAHYA HASSAN
Yahya Hassan
Dikt
Cappelen Damm, 2014