Samlar troppane mot Oslo-makta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For å presisera ytterlegare:

– Her finn me alt som passar inn i det sentrale politibyråkratiet sitt excel-ark, seier han.

For kva kan ein plutseleg koma over i dette arbeidet? Spør Arne Johannessen, og held opp den omstridde politianalysen framfor folkemøtet i Lærdal denne veka.

Les også: Klar for stormløp

Gjørv-rapporten
– Her står det å lesa, heilt brått inne i eit avsnitt, seier hærføraren for opprøret mot politireformen, og siterer: – Dagens struktur er til hinder for godt førebyggjande arbeid.

Johannessen flytter merksemda til ein annan rapport, Gjørv-kommisjonen sin grundige analyse etter 22. juli.

– Ingenting i den rapporten seier at strukturen er feil, ingenting.

Johannessen spør på ny: – Blir det betre samhandling om Sogn og Fjordane blir styrt frå Bergen? Blir alt betre om ein tek vekk lensmennene i 140 kommunar?

Til dei som måtte meina at svaret er ja, seier han: – Dei har høve til å koma fram hit i kveld og erklæra at slik er det!

Frp og Venstre
Folkemøtet i Lærdal blei eit massivt stormløp mot dei sentraliserande føringane frå politidirektøren. Å hevda støtte for sistnemnde si line, på nett denne arenaen, skulle det mot til.

Mest utfordra i så måte blei Frp og Frank Willy Djuvik, fylkesleiar med kanal direkte inn til landets justisminister. Han tilhøyrer eit parti som har varsla vilje til å lytta på Humlegård sine råd. Venstre har signalisert det same.

– Byggjast nedanfrå
Men dette er inga god sak å bli parkert på, Frp-leiaren brukte difor innleget sitt til å forsikra at den nye regjeringa sit med ein justisminister som, ulikt den førre regjeringa, er villig til å lytta til grasrota.

– Anundsen seier som Johannessen, politi og beredskap må byggjast nedanfrå og opp, han seier det svært tydeleg, og han hevdar eit anna syn på dette enn den raudgrøne statsråden, dette er å koma i møte folks tryggleikskjensle, sa Djuvik.

Fylkesmodellen
Opprørsleiarane balestrandsordførar Harald Offerdal og Kristen Olav Grøttebø i tillegg til Johannessen er alle Ap-lojale. Dei er slett ikkje trygge på kvar dei har dei to regjeringspartia. Det gav ikkje meir visse, i så måte, å sjå Høgre sin Bjørn Lødemel utebli frå panelet.

Ap har kanskje brukt tida etter valet til å nyorientera seg på struktur. Ingrid Heggø, ein av to stortingsrepresentantar som kom til møtet, forsikrar at ho tviheld på fylkesmodellen i møte med justisfraksjonen i partiet sitt. – Mitt parti skal ikkje gå for seks politidistrikt, det er heilt klart, seier ho.

Supporterane
Arne Johannessen ynskjer ein politireform som trekkjer på lærdomen frå to nasjonale katastrofar, han spør: – Kvifor lukkast me med 19. januar, men ikkje med 22. juli?

Han svarer slik: – Politiet må vera slik organisert at etaten kan mobilisera supporterane sine, som er innbyggjarane, dei som ynskjer eit trygt lokalsamfunn, men vilkåret er at sistnemnde ser eit politi dei kjenner att og har tillit til.

Arne Johannessen veit at det er Frp-statsråden som sit ved spakane når reformen skal landast. På tampen av folkemøtet sende han i veg ei utfordring til fylkesleiar Frank Willy Djuvik:

– Be statsråden din vurdera å etablera ein pilotmodell for framtidas nærpoliti, med Sogn og Fjordane som basis, dette fylket har gunstige vilkår for å prøva ut positive og negative sider ved nærpolitiet.

Saka var først publisert i Sogn Avis.