Færre utlyste sommarjobbar i år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dei mest attraktive jobbane går først. Ifølgje tala våre er februar til april dei månadene i året der det blir utlyst flest jobbar, seier seniorrådgjevar Johannes Sørbø i Nav i ei pressemelding.

Dei fleste sommarjobbane som blir lagt ut på nav.no er innanfor helse, pleie og omsorg med 6.000 registrerte sommarjobbar. Det er også lagt ut ein del jobbar som blant anna reinhaldar, parkarbeidarar og kjøkenassistentar.

Mykje av sommarjobbmarknaden går likevel gjennom andre kanalar enn nav.no.

– Mange får sommarjobb ved å kontakte venner eller familie som jobbar i ei bedrift, og mange kontaktar bedrifter direkte og får ordna jobb på denne måten. Det er derfor mange sommarjobbar som blir aldri lagt ut på nav.no eller andre stader. Det viktig at dei som ønskjer sommarjobb sjølv er aktive. Fleire av sommarjobbane vil no vere tatt, men vi ser at det framleis vert lagt ut nokre jobbar i mai, seier Sørbø. (©NPK)

LES OGSÅ: På tide å søkje sommarjobb

LES OGSÅ: Enno ikkje skaffa deg sommarjobb?