Mannen som las 2000 bøker på éitt år

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Las 2000 bøker på éitt år

Bokmannen vert han kalla – mannen som las 2000 bøker på éitt år. No driv han bruktbokhandel i Volda.

Det er vert romstert og sortert i bøker inne mellom dei tronge bokhyllene i forretninga Bokmannen i Storgata i Volda. Framtida følgjer lyden inn i boklabyrinten. Der inne – blant 98.529 bøker – står Geir Hovind Frøysedal – bokmannen sjølv.

 Ideologisk prosjekt
– Med bøker handlar det om å finne sin smak. Ein kan ikkje seie at ein ikkje likar bøker, det går ikkje an, seier Frøysedal, som likevel har forståing for dei som ikkje likar å lese. Det er jo eit tiltak å setje i gong. Sjølv byrja han ikkje for alvor å lese før på vidaregåande. Etter det har han ”lese sin del”, som han seier.

 Han bur fem minutt unna bruktbokhandelen sin og plar kome inn nitida for å rydde i bøkene.

– Det er no helst eg sjølv som rotar, medgjev 27-åringen frå Stryn.

Rundt klokka tolv kjem det snekra skiltet som seier «ope» ut i gata. Litt fleksible opningstider er det, men det er greitt å halde ope for kundane når dei kjem. Har dei lyst får dei ein kaffitår og kanskje eit parti sjakk.

 Dei fleste kundane er middelaldrande lokale. Eigaren sjølv tykkjer det er synd at det er ikkje er fleire studentar innom, og trur det er ein kombinasjon av studentøkonomi og at dei heller utsett å lese pensum.

Bokbutikken er meir eit ideologisk prosjekt enn ei blømande forretningsverksemd, men likevel er det litt å spe på studielånet med. Akkurat no studerer bokmannen samfunnsvitskap, eit av fem bachelorprogram han har byrja på.

Ingen Solstad
Det manglar ikkje folk som vil kvitte seg med gamle bøker. Slik har det vorte nesten 100.000 bøker i butikken. I tillegg kan ein finne cd-ar, kassettar, filmar og vinylplater.

Bøkene vert mellom anna sortert i fagbøker, skjønnlitteratur, lyrikk, skodespel, eventyr, 1. opplag, engelske bøker og nynorske bøker. Der finn ein mellom anna Ragnar Hovland og Rune Belsvik.

Men uansett kor lenge du leitar mellom desse fire veggane, finn du ingen bøker av Dag Solstad. Dei tek han med heim.

– Eg har vertfall 2000, om ikkje 3000 bøker heime, fortel Frøysedal, som har meir enn nok med å halde teljinga i butikken.

Nett no les han faktisk den siste boka av Solstad, Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591-1896.

Å velje ut ei favorittbok tykkjer han er vanskeleg, men Solstad kjem definitivt høgt opp.

Då han starta butikken i 2010 var det for å få selt unna litt av alle bøkene han hadde samla seg. Frøysedal kunne kjøpe opp mot 1000 bøker i månaden. Heldigvis for lommeboka er det brukte bøker han har hamstra.

Han trudde òg at det skulle verte mykje tid til lesing mellom slaga. Det vart det ikkje. Det vert heller eit parti med sjakk. Ein hobby stryningen har hatt dei tre siste åra, og dei har faktisk starta eigen sjakklubb i butikken.

– Det er myten om at dei som arbeider på bibliotek les mykje, det gjer dei ikkje, forklarar 27-åringen.

Sjølv har han vore innom tanken på å verte bibliotekar, men det er ikkje like aktuelt lenger.

– Eg er nøgd så lenge eg kan drive her, seier Frøysedal, med kaffikoppen i handa.

Bokåret
Men så til det som for alvor gjorde bokmannen til bokmannen: Då han las 2000 bøker på eitt år. Det var i 2009. Grunnen til at ha i det heile teke gjorde det, var at han hadde så mange bøker han ville lese, og ikkje klarte  velje. Så kvifor ikkje lese alle? Han byrja difor å trene på å lese raskt.

 Kor fort les du eigentleg?

– På det meste las eg i snitt 5,6 bøker til dagen.

Trikset er å sjå heile sida og ikkje gå tilbake, sjølv om ein trur ein ikkje får med seg alt.

Ein får med seg meir enn ein trur, og om ein går attende bryt ein mønsteret og flyten, forklarar bokmannen, som legg til:

– Eg les ikkje så fort no lenger, for eg er ute av trening.

QUIZ: Kven skreiv boka?

 Udødelege bøker
Kva er det eigentleg med bøker?

– Det er så mykje. Det er ikkje berre innhaldet, eg likar òg den fysiske greia med bøker. Så er det så mangfaldig. Kvar bok, si historie. Det er ein ting som ikkje døyr, forklarar bokentusiasten, som ikkje har byrja med e-bøker enno.

Frøysedal samanliknar bøker med vinyl, som har gjort eit comeback etter all digitaliseringa i musikkverda. Tal syner òg at e-boksalet ikkje går så godt i Noreg, som bransjen hadde håpa.

– Eg trur folk vil ha bøkene, seier bokmannen.

Kva er så viktig med bøker?

– Det verkar som eit opplagt spørsmål, svarar Frøysedal, før han tek ein lang pause.

– Det er for å føra samfunnet framover. Få tak i nye idear og lære av feila me har gjort, meiner bokhandlaren i Volda.

Sjølv har han ein feil han gjer for ofte.

– Det er sjeldan eg legg frå meg ei bok eg ikkje likar. Det går jo så fort å berre lese ferdig. Det burde eg sikkert gjort oftare, for eg trur det er sunt.

Les saka i Magasinett!