Statens Pensjonsfond utland er verdas største statlege investeringsfond, det gir oss eit ansvar for korleis vi forvaltar dei pengane.

KrFU meiner det er på tide å også ha etiske retningslinjer når fondet blir brukt til å kjøpe statsobligasjonar.

Oljefondet har i dag investert nesten 1000 milliardar kroner i statsobligasjonar. Det svarar til nesten ein femdel av fondet sin verdi. Det å kjøpe statsobligasjonar er i praksis det same som å gje langsiktige lån til andre statar. I dag er den einaste avgrensinga på denne typen investeringar at ein ikkje går inn i land som blir utsatt for omfattande internasjonal boikott, i praksis Syria, Iran og Nord-Korea. Dette betyr at det knapt er noko etisk regelverk for korleis ein femdel av oljefondet blir plassert.

Forgje veke blei den årlege stortingsmeldinga om Statens Pensjonsfond utland lagt fram. I ettertid har alt fokuset hamna på å forsvare dei eksisterande etiske retningslinjene, framfor ein nødvendig debatt om korleis vi kan sikre at pensjonane våre skapar ei betre verd. Sjølv om dagens ordningar er gode, må vi ikkje sjå oss fornøgde med stoda slik ho er no. Vi er ikkje gode nok på etikk.

Det å ha pengar gir deg ansvar. Når Noreg kjøper statsobligasjonar frigjer vi kapital i landa vi kjøper obligasjonane av. Det er ikkje noko gale i at våre felles pengar frigjer kapital for mindre privilegerte statar, problemet oppstår når vår pensjon frigjev midlar for statar som bryt etisk framferd.

Eit døme på dette er at oljefondet lånte ut nesten ein kvart milliard kroner til autoritære regime i åra før den arabiske våren. I Bahrain brukte myndigheitene vald og store ressursar på å slå ned folkelege krav om demokrati, det er grunn til å misstenkje at oljefondet sine kjøp av statsobligasjonar i tida før den arabiske våren frigjorde ressursar for dei autoritære leiarane. Den arabiske våren får også fram ei annan side med investeringar i statsobligasjonar som er problematisk. Når Noreg kjøper statsobligasjonar i land som er styrt av autoritære leiarar, endar nyvalde demokrati opp med å arve gjeld frå sine tidlegare undertrykkarar.

Dei blåblå har ofte retta kritikk mot bistand fordi dei hevdar det hamnar i hendene på korrupte diktatorar. Dersom Siv Jensen verkeleg er opptatt av at korrupte diktatorar ikkje skal få meir pengar mellom hendene har ho no sjansen; gje oss etiske retningslinjer på heile oljefondet!

Noreg er i dag gode på ansvarleg långjeving, og vi er gode på etikk i oljefondet. No er berre utfordringa å klare å kople saman desse to felta der vi er sterke. Vi har eit ansvar for vår felles pensjon, det ansvaret må gjelde heile pengesekken.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

Kommentarar

ANNONSE