– Naturleg at det er flest kvinner som debuterer

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den norske forfatterforening (DNF) har lagt fram statistikken for dei som har debutert med skjønnlitteratur i 2012 og 2013. I 2013 var det flest kvinner som debuterte, med ein gjennomsnittsalder på 35,5 år.

Forfattar Eline Lund Fjæren debuterte då ho var 19 år med boka «Ung jente, voksen mann». Ho tykkjer det finnast for mange bøker om unge kvinner som blir sett, istadenfor at dei sjølv er dei som ser.

– Ikkje ferdig utforska

– Eg synest det er mykje ved den unge, kvinnelege synsvinkelen som ikkje er ferdig utforska i litteraturen. Då er det naturleg at det er flest kvinner som debuterer, seier Fjæren.

Ho tykkjer ikkje at gjennomsnittsalderen på 35 år er noko problem.

– Det tar lang tid å skrive bøker, og i tjueåra er ein gjerne opptatt med studiar. Men det er lettare å få merksemd som ung debutant. Samstundes mistenkjer eg at debutboka kjem til å gjere meg rimeleg flau om ikkje so altfor lenge. Det er kanskje lettare å stå inne for noko du har skapt seinare i livet, seier Fjæren.

LES OGSÅ: Fjær i hatten for Fjæren

Kvinner i fleirtal

I 2012 var 64 prosent av debutantane kvinner, medan i 2013 var 59 prosent kvinner, ein nedgang på 5 prosent. Av debutantane i 2013 var 41 prosent menn, 18 prosent mindre enn damene.

– Det er heilt fint at det er fleirtal av kvinner. Om ein ser på medlemstala våre bakover er fordelinga på cirka 60 prosent menn og cirka 40 prosent kvinner. Debutantstatistikken tyder på at dette vil jamne seg ut etterkvart, seier Sigmund Løvåsen, leiar for DNF.

Gjennomsnittsalderen på debutantane i 2012 var 37 år, medan i 2013 hadde den gått ned til 35,5 år.

– Her òg er tala omtrent der dei har vore tidlegare. Det viser at ein kan debutere i alle aldrar, seier Løvåsen.

Lidenskapen er den same

Kamal Anwar debuterte i fjor haust med boka «Krig er gøy». Som ein 26 år gamal mann var ikkje han den mest typiske debutanten i 2013.

– Tala er ikkje overraskande. Det er vanskelegare å gje ut bok når ein er ung, og kvinner er smartare, seier Anwar.

Forfattaren har sjølv vore ung debutant, og fortel at det er vanskelegare å gje ut bok som ung, uansett kjønn.

– Forlaga tar ikkje unge forfattarar like seriøst. Det hjelp å ha litt alder når ein skal bryte gjennom og få gitt ut ei bok, seier Anwar.

Ifylgje han er det ikkje lidenskapen det står på. Den er den same uansett alder. Dei som er eldre har gjerne meir erfaring å nytte.

– Etter det eg erfarar brukar forfattarane gjerne 20-åra på å ta utdanning og å bestemme seg for å satse. Gjennomsnittsalderen trur eg har mykje med arbeidsprosessen å gjere. Det tar tid å skrive ei bok, seier Anwar.

Les mer om Anwars forfatterdebut her: Debuterer med krig og forbudt kjærlighet

Debuterer seinare enn menn

På Skrivekunstakademiet i Bergen, der dei driv med undervisning innanfor skjønnlitteratur, plar andelen av søkjarane som er kvinner vere på rundt 65 prosent. Rolf Enger, undervisningsleiar på Skrivekunstakademiet, fortel at kvinneandelen også i år er høg.

– Ein ser at kvinner er i ferd med å innta alle arenaer innanfor litteratur. Om ein ser på skriveskulane i Sverige, er det flest kvinner blant lærarane der. Kvinner har tatt over når det gjeld mengda, medan det framleis er menn som får mest prisar og omtale, seier Enger.

Fleirtalet av kvinner kan og spele inn på gjennomsnittsalderen, fortel Enger. Dei debuterer kanskje seinare enn menn.

– Det er ikkje noko gale i at ein har litt erfaring når ein debuterer. Vi ser at fleirtalet av våre studentar som debuterer ofte treng nokre år før dei er klar til å gje ut, seier Enger.

Ynskjer høgare stipendalder

Med ein gjennomsnittleg debutalder på 35,5 år, meiner leiaren i forfattarforeininga at aldersgrensa burde aukast frå 35 til 40 år i sentrale stipendordningar.

Arbeidsstipend for yngre og nyetablerte kunstnarar, som kan gje 200 000 kroner årleg i opp til tre år har ei øvre aldersgrense på 35 år. Ny statistikk frå Den norske forfattarforeining (DNF) viser at gjennomsnittleg debutalder i år ligg på 35,5 år.

– Statistikken er eit argument for at aldersgrensa burde aukast til 40 år. Staten burde sjå på endringar, seier leiar i DNF, Sigmund Løvåsen.

Tala viser også at 36 prosent av debutantane er eldre enn den øvre grensa, og at fem av fjorårets debutantar også var runda 50 år.

– Det er eit tankekors at det er så mange som 36 prosent av forfattardebutantane som er utanfor kriteriet, seier Janne Stang Dahl, som er kommunikasjonsdirektør i Kulturrådet.

Ho fortel at stipendet gjeld for 24 ulike kunstgrupper, og difor skal ivareta mange behov, men at ei aldersheving for forfattarane og dramatikarane har vorte diskutert før. Men Dahl informerer at dei over 35 år også kan søkje, sjølv om dei formelt fell utanfor.

– Vi ser at det er ein god del som søkjer på særskild grunnlag, og at fleire kunstnarar debuterer og etablerar seg når dei er over 35 år.

Ho fortel at det også fins andre stipend, som diverse- og arbeidsstipendet som også kan fange opp uetablerte forfattarar.

– Det er altså anledning for dei som er eldre enn 35 år å søkje, så sant dei er i ein etableringsfase, og stipendkomiteen kan instille dei som er over viss ein finn særskilde grunnar til det.

LES SAKA I STUDVEST!

Faktaboks

STATISTIKK OVER SKJØNNLITTERÆRE DEBUTANTAR

• I 2013 var 59 prosent kvinner medan 41 prosent var menn. 
• Gjennomsnittsalderen i 2013 var 35,5 år.
• 36 prosent av debutantane i 2013 var over 35 år, fem stykker var over 50.
• I 2012 var 64 prosent kvinner medan 36 prosent var menn. 
• Gjennomsnittsalderen i 2012 var 37 år. 
• I 2012 var 54 prosent av debutantane over 35 år, fire stkykker var over 50.
• Eigapubliserte bøker er ikkje omfatta av undersøkinga, og enkelte små forlag har ikkje levert informasjon.

Kjelde: Den norske forfatterforening