Frostskadar og djup nysnø klarte ikkje å stogga dei tre spreke sogndalsstudentane.

Mariann Skau, Sogn Avis
Mariann Skau, Sogn Avis

– Me forstod det ikkje heilt i starten, at det var over og at me hadde klart det, men litt etter litt kom godfølelsen, fortel Astrid Lemme.

I eitt år har ho og studieveninnene i Sogndal planlagt ekspedisjonen «Svalbardsafari» der målet var å gå Spitsbergen på langs. 12. mars vart dei køyrde ut til startpunket på nordspissen av øya. 30 dagar etter hadde dei nådd sørspissen og gått tilbake til staden der dei skulle bli henta.

– Me hadde mat, fuel og godis til 40 dagar, men turen gjekk lettare enn me hadde sett for oss.

Godt førebudde

Lemme meiner godt førearbeid er ein av grunnane til at dei lukkast.

– På alt det som me kunne førebu oss på, var me topp førebudde. Men på ein slik tur kan ein alltid vera uheldig. Det kan vera dårleg vêr og ein kan oppleva bjørneangrep.

Utstyret var godt testa på førehand, og jentene godt trente. I vinter drog dei dekk i Sogndal for å koma i form. Det førte til mykje merksemd.

– Særleg i starten prøvde me å unngå å trena der det var mykje folk, men det var ikkje så lett. Mange ungdomar filma eller tok bilete av oss, og folk stoppa oss og spurde kva det var me trente til. Folk i Sogndal var positive og oppmuntrande, seier Lemme.

Braut ankelen

Men ikkje alt gjekk som planlagt i førebuingsfasen. Dei var fire jenter som skulle vera med på ekspedisjonen, men ein månad før avreise braut initiativtakaren til turen, Anne Marthe Kvale, ankelen.

Dermed måtte ho vera heime og oppdatera bloggen, medan dei andre tre, Stine Merete Moe, Ragnhild Tangen Bergsland og Astrid Lemme, la i veg.

13. mars byrja dei å gå.

I tillegg til dei tre jentene, var to hundar med på ekspedisjonane.

– Me er veldig glade for at me hadde med oss dei. Me hadde litt startproblem, men då me fekk dei til å trekkja slik me ville, var det ein fryd.

Isbjørn

På ekspedisjon på Svalbard kan ein møta isbjørn. Jentene hadde med seg to rifler, ein signalpistol og snublebluss til bruk om natta.

– Me såg isbjørn eit par gonger, men følte ikkje at dei var nærgåande.

Forholda på øya no var slik at dei måtte klatra på isbrear i staden for å kunne gå flatt på sjøis. Men det gjorde også at isbjørnfaren vart mindre.

– I utgangspunktet var det på grunn av isbjørn at me hadde med oss hundane, men då me såg isbjørn, var det ikkje lyd i hundane. Men det var trass alt på stor avstand, seier Lemme.

Sjølv om hundane ikkje fekk testa seg som isbjørnalarm, gjorde dei god nytte for seg på andre område, mellom anna for å halda oppe humøret undervegs.

– Då hadde me nokon å skulda på viss noko gjekk gale, ler Lemme, men legg til at dårleg humør ikkje var noko problem på turen.

– Me tenkte på førehand at det ville bli utfordrande å vera så tett på kvarandre, og vart overraska over kor god stemminga var. Me gjekk femti minuttar og hadde ti minuttars pausar. Viss me hadde gått og irritert oss over noko, klarte me å vri det til noko positivt i pausen. Kanskje fann me fram kameraet og tok ein «kva føler du no».

Alle hadde teke med ei overrasking som dei andre ikkje visste om, så det dukka opp både Baileys og kvissbok undervegs.

Frostskadar

På turen var det mykje klarvêr og svært kaldt.

– Me hadde sett for oss at det skulle vera kaldt, og det vart det verkeleg. På norddelen var det jamt over 30–35 minusgrader. Alle hadde gode soveposar, så det var ikkje noko problem om nettene. Var det skikkeleg kaldt, la me oss berre tettare, seier Lemme.

Dei hadde også med tissetrakter, slik at dei skulle sleppa å trekkja ned buksa i kulden.

Men trass godt utstyr, fekk dei frostskadar.

– Me har fått nokre sår, men dei gror. Du kjenner det best på fingrar og tær, men me har også fått frostskadar på rumpe og lår.

Dei opplevde også mildare dagar, men då var det dårleg sikt.

I nord var det mykje hardt føre.

– Men då me skulle gå opp den brattaste dalen på heile ruta, hadde det snødd 30 centimeter. Med pulkar på 60–70 kilo vart det tungt.

Første sidan 2012

Då dei nådde målet på sørspissen, som ligg i nasjonalpark, måtte dei gå 14 mil tilbake før dei kunne hentast ut.

– Det var vemodig og litt rart då me gjekk tilbake for å bli henta. Me ville skunda oss og ha klart det, men samtidig var kvart steg eitt steg nærare at det var slutt. Men som mange gjer, byrja me alt då å planleggja neste tur. For det er klart at me må ut på eventyr att, men kanskje til ein litt varmare stad, seier Lemme.

I 2012 var det to grupper som klarte å gjennomføra turen Spitsbergen på langs. Sidan den gongen er studentane frå Sogndal dei første som har klart å fullføra ekspedisjonen, syner tal frå Sysselmannen på Svalbard.

I år har fire grupper lagt ut på turen. Den eine gruppa måtte bryta, medan to grupper framleis er på veg.

– Me er veldig spente på korleis det går med dei. Det er fantastisk å få vera der på tur, men det er noko heilt spesielt å klara det ein kom der for. Det unner me dei å få oppleva, seier Astrid Lemme.

LES SAKA I SOGN AVIS!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE