Hekta på luftige svev

Kva kan få vaksne mannfolk til å forvandle seg til leikne gutungar på sekundet? Svaret er modellfly.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ikkje fritt for at ordvirtousen Øystein Sunde sin klassikar «modellfly» sviv konstant i hovudet til ein bladfyk på veg mot medlemsmøte for modellflyentusiastar.
«Kameraten min er fra Trondhjæm by, han er svai i ryggen og flyr moddææællfly». Vil ein møte mange trønderar tru? Neida. Inne på samfunnshuset i Høydalsmo er vesttelar samla kring ein felles hobby, modellfly.

Fersk klubb for fingernemme
Vest-Telen modellflyklubb er ein ganske fersk klubb, stifta i oktober i fjor, og fyrst registrert januar i år. Totalt er det 23 medlemmer frå Vest-Telemark, alle menn med ei solid interesse for motor, elektronikk og oppdrift.

Klubben er den fyrste i sitt slag i regionen som medlem av Noregs luftsportsforbund, sjølv om det i tidlegare tider fanst ein klubb i Kviteseid. Men om klubben er fersk har dei fleste halde på med modellfly i fleire år. Magnus Tjønn frå Åmot har endåtil floge dronar i Forsvaret.

– Det var målfly eg flaug. Det vil seie fly som blei bruka til å øvingsskyting. Dei blei skotne ned, forklarar Tjønn.

Interessa for modellfly har han framleis, og på medlemskvelden har han med seg ein sjølvlaga drone med fire propellar med plass til videokamera.

– Det tok vel bare eit par kveldar å bygge denne, men den er under stadig forbetring. Så ein blir aldri ferdig, ler Tjønn.

Ein rimeleg hobby
For det er mykje å velje mellom i modellflyverda. Fly, helikopter eller dronar finn ein i alle slags prisklasser. Ein kan handle seg mindre fly til under tusenlappen, eller det kan koste opp mot ein kvart million. Storleiken er det også enorme variasjonar på.

– Dette er ein hobby som eigentleg er ganske rimeleg å halde på med. Prisane på elektronikk har jo rasa nedover dei siste 15 åra, fortel leiar i Vest–Telen modellflyklubb, Jon Sudbø, frå Morgedal. Han flyg også på landslaget i Mac-flyging, flyging etter fastlagd mønster.

Informasjonsflyten på internett har gjort hobbyen mykje enklare å halde på med. Simulering av flyging på datamaskina gjev god trening, og videoar av korleis en byggjer eit fly er lett tilgjengeleg på Youtube.

– Og har ein eit spørsmål får ein fort svar på det på nett.

Sosialt
Men trass god kommunikasjon på nettet er det triveleg å koma saman.

– Det å bygge fly er ein teknisk hobby, men det er ein kunst å flyge også. Og så er det veldig sosialt, seier Sven-Vidar Due frå Kviteseid.

– Og så er det med mange med god erfaring i klubben. Ein kan få mykje hjelp. Då slepp ein å gjera kostbare feil, konstaterar Tore Klas Tveiten frå Dalen.

På flyplassen i Fyresdal har kommunen lagt til rette for klubben, og den vil bli eit samlingspunkt i sesongen.

– Det er jo ikkje akkurat å mange store, opne og flate plassar i Vest-Telemark, så det må kommunen få skryt for, er dei einige om.

Vinterstid har islagde vatn blitt bruka til flyging, men i år har isforholda vore heller dårlege. Så i Tokkehallen på Dalen har flyentusiastane kunne boltra seg med mindre maskiner. Framleis ligg det visst eitt mindre fly oppe i ei taklampe.

Vil ha med fleire
Denne kvelden skal tre fly preppast til øvingskøyring. Ved å installere brytarar på radiosendarane blir det lagt til rette for at ferske flygarar få prøve å fly under rettleiing og kontroll av erfarne flygarar i klubben. For klubben vil gjerne rekruttere fleire.

– Me inviterar inn til ein open dag på flyplassen i Fyresdal sundag 4. mai. Då kan ein få kikke på, og nysgjerrige kan få prøve å flyge, seier Due.

Førebels er det herrane som dominerar medlemsmassen. Forutan å ha som mål at alle medlemmen i klubben skal klare å ta A-sertifikatet for fly som veg meir enn 2 kilo, er eit anna mål å få med damer.

– Det er ein hobby for alle, og det er ikkje vanskeleg, er karane einige om.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!