Vil innføre droner i politiet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil innføre politidroner

Dei kan vere små som innsekt, eller store som jagarfly. Dei kan transportere, overvake og drepe. I Noreg er allereie 10.000 eksemplar selde til privatpersonar, men no er dei ubemanna luftfartøya – dronene – også på veg inn i politiet, dersom myndigheitene vel å høyre på Teknologirådet.

LES OGSÅ:Først ut med droneutdanning

Billigare enn helikopter
Prosjektleiar i rådet, Åke Refsdal Moe, utdjupa konklusjonen då han gjesta Christiekonferansen i Grieghallen fredag. Moe var spesielt opptatt av fordelen med droner framfor helikopter:

– Eit helikopter kan blant anna ikkje gå inn i skarpe situasjonar. Det kan dronene. Dronene vil også vere nyttige for å få oversikt etter snøskred, ved brann og på andre ulykkestadar.

Moe understrekar at dette også er eit spørsmål om rekkevidde og økonomi:

– I dag har vi to politihelikopter stasjonert på Gardermoen, eitt operativt og eitt i reserve. Oppdragsmengda til det operative helikopteret har auka med 60 prosent sidan 2012. Eit nytt politihelikopter kan koste opp mot 100 millionar kroner aleine, medan ei drone til samanlikning kostar under 100.000.

LES OGSÅ: Leverer pizza med droner

Ikkje til overvaking
Personvern og politiet si analyseevne, er dei to største innvendingane mot dronebruk i politiet, ifølge Moe. Teknologirådet meiner difor at politiet ikkje bør få bruke dronene i spaningsarbeid, eller til anna overvaking. Dei etterlyser regulering for å unngå misbruk.

– Det er i dag teknisk mogleg å registrere alle rørsler i ein by, og i ettertid zoome inn på hendingar ein vil sjå nærmare på. Det utfordrar grensene mellom privatlivets fred og det offentleg tilgjengelege, og er viktig å regulere før utviklinga har gått for langt, konkluderte Moe.