Vinnarene av DokTalent-konkurransen har sett på ytringsfrekkheit og lært mykje om kvar grensene for ytringsfridom på nett går.

Faktaboks

DokTalent

• Kortfilmkonkurranse for ungdom under Den norske dokumentarfilmfestivalen i Volda.
• Konkurransen blir arrangert i samarbeid med stiftelsen Fritt Ord.
• Jurymedlemmer: Hilde Ranheim (dokumentarist), Pål Aam og Hans Martin Dypvik, tilsette ved medieavdelinga på Høgskulen i Volda.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg er blitt meir forsiktig med kva eg legg ut på nett. Det er viktig å tenkje over kva ein gjer, for det set spor, forklarer programleiar Sigve Løndal, etter han har motteke prisen for beste kortdokumentar under DokTalent.

Saman med regissør Jonas Driveklepp og Jenny Klemmetsby har Løndal laga vinnarfilmen Yolo – Ytringsfrekkhet Og Livet Online. Ein film som utforskar grensene for ytringsfridom på nett.

LES OGSÅ: Det var Sigurjon si historie som vann

Høgt nivå
Kvart år arrangerer Den norske dokumentarfilmfestivalen i Volda tevling for unge lovande dokumentaristar. Denne har i år skifta namn frå KortSagt/UngDok til DokTalent. Tre gongar så mange bidrag kom inn i år som i fjor. Og juryen meinte det var eit gledeleg høgt nivå på dei ti finalefilmane.

Tema for DokTalent i grunnlovsåret 2014 år var Grunnlovas paragraf 100: Ytringsfridom. Juryen meinte òg at innhaldet i filmane var variert og mange heldt eit teknisk høgt nivå. Det handla om alt frå å kome ut av skapet, til sørsamiske aner og dei utviklingshemma spelarane på Hødd United.

Filmen A place av latviske Darta Sturite knytt til filmhuset Tvibit fekk heiderleg omtale. Juryen meinte at ho med sin stilsikre film om venninna sin heimstad – og hennar mangel på det – sette fokus på noko mange tek for gitt.

LES OGSÅ: Vil vere ei stemme for dei stemmelause

Lærerikt
Men tilbake til vinnarane.

–Vinnarfilmen er gjennomført med ein programleiar som evnar å stille kritiske spørsmål, les juryformann Hilde Ranheim opp i kinosalen på samfunnshuset i Volda.

God driv og tempo, i tillegg til god foto og grafikk, er andre kompliment vinnarfilmen får. Juryen likte òg at filmen sette fokus på at me ikkje må misbruke ytringsfridomen.

Det er tre nøgde vinnarar som har fått kvart sitt diplom, eit actionkamera og gode tilbakemeldingar på filmen.

Dei tre vinnarane går alle VG2 medium og kommunikasjon på Akademiet i Ålesund. Til Framtida fortel dei at filmen opphavleg var eit skuleprosjekt, som læraren gav dei på bakgrunn av Fritt Ord-konkurranse om ytringsfridom. Dei stakk ikkje av med sigeren der, eller i Ungdommens kulturmønstring, men no var det deira tur.

– Me har lært meir enn av noko anna prosjekt, og møtt mange kule folk, seier regissøren, som får støtte frå resten av filmteamet.

Intensive intervju
Men det var utfordrande. To månadar med research og planlegging, ligg bak den intensive Oslo-helga med intervju, som til sist er vorte 13 minutt film.

Dei har møtt Twitter-kjendis og nettmann Kong Halvor, eller Halvor Herzog, som han eigentleg heiter. I tillegg har dei snakka med Sarah Giskegjerde i Unge Venstre, Øyvind Solstad, ansvarleg for brukarinvolvering og sosiale medium i VG og youtubar Lars Håkon Storm. Alle har dei erfaringar med og meiningar om, kvar grensene for ytringsfridomen går på nett. For det er ingen tvil om at nettet har senka terskelen for hatefulle ytringar.

– Me ville at det skulle treffe ungdom. Me valte difor å fokusera på internett og sosiale medium, fordi det alltid er aktuelt, forklarar Jonas.

Og som programleiar Sigve avsluttar med i filmen:

– Sjølv om Internett verkar som ei fiktiv verd, er det faktisk ekte menneskjer me snakkar med. Difor er det lurt å tenkje over korleis det du skriv kan oppfattast, både no og seinare.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

Kommentarar

ANNONSE