Sykkelsesongen er i anmarsj, og det er dags for å gje tohjulingen ein aldri så liten sjekk. Det kan redde liv.

Frank G. Stenersen, Bømlo-Nytt
Frank G. Stenersen, Bømlo-Nytt

Den pedaldrivne farkosten står kanskje inntil husveggen som ei uforskamma og plagsom påminning om nyttårsforsett og andre gode intensjonar. Om den har stått der vinteren gjennom er det berre å førebu seg på bytte av gear- og bremsewire, bremseklossar og rusten sykkelkjede. Men du kan ikkje rekne med at butikkane på Bømlo har høve til å hjelpe deg med vedlikehaldet, om du ikkje har kjøpt sykkelen her då, vel å merke.

– Om sykkelen har stått ute heile vinteren er det ikkje til å unngå at ein må skifte enkelte delar. Til dømes er truleg gear- og bremse-wire eira fast inni strømpen slik at handtaket står inne heile tida. Bremseklossane må kanskje skiftast, og kjedA kan du rekne med at har rusta. Eg har vore gjennom det sjølv og det må gjerast, smiler Vidar Siggervåg i Bømlo sykkelklubb.

– Før eg vart ein aktiv syklist hadde eg som folk flest ein sykkel som eg fort gløymde attmed husveggen utanfor sesongen. No har eg derimot såpass mange og litt dyrare syklar så no lar eg dei stå inne året gjennom, noko eg vil anbefala alle å gjere, seier han vidare.

Ikkje berre på grunn av at sykkelen då held seg lengre, men då står den også tryggare.

– Det er nok ikkje fritt for sykkeltjuveri her på bygda heller, og har ein investert litt i ein ny sykkel er det kjedelig å oppdage at den er vekke, seier han.

Siggervåg ber syklistane om også å gje hjula ein grundig sjekk før dei gjev seg i kast med landevegens utfordringar.

– Det kan ha oppstått sprekker i dekka i løpet av vinteren, og dersom det har vore fullt trykk på slangen sidan førre sesong, er det ein god ide å bytte, seier han.

LES OGSÅ: Ingen parti er sykkelparti

Ikkje gløym barnesyklane

Siggervåg minner også foreldre med rullande smårollingar om gje å tohjulingane deira ein særs grundig sjekk.

– På desse syklane er det også viktig å justere setet og styret dersom barnet har blitt større. Det er ikkje sjeldan me ser born som syklar med knea nesten i haka, smiler han.

– Sjekk også at lys verkar som det skal og at refleksane er på plass, seier sykkelsjefen på Bømlo.

Han meiner reservedeler som sykkelslangar, bremseklossar og utstyr til vedlikehald som lappesaker og smurning bør vere sjølvsagt i ein kvar sykkelheim.

– På Bømlo sykkelklubb sine heimesider kan ein finne huskeliste over kva ein bør sjå nærare på i samband med vedlikehaldet, og kva utstyr ein syklist alltid bør ha tilgjengeleg. Til dømes er ein kjedevaskar ei billig investering. Sjølv spyler eg av syklane kvar gong me har vore på tur. Det samlar seg fort skit og støv i nav, gear, kjede og andre slitedeler, som bidrar til å øydeleggje sykkelen endå fortare. Ein kan spare mykje på å bruke eit par minuttar på å vaske sykkelen, seier han.

LES OGSÅ: Slik klargjer du sykkelen til våren

Ta kontakt
Siggervåg seier folk som har spørsmål om vedlikehald berre kan ta kontakt med klubben.

– Men mitt tusentips må vere YouTube. Her finn du filmar i hopetal som viser korleis ein skal gjennomføre vedlikehald og reparasjonar av sykkelen, fortel han.

No ser klubbleiaren fram til sykkelsesongen, og håper å få med seg endå fleire sambygdingar langs bømlovegane i tida som kjem.

– Eg vil anbefale at ein finn syklar i prisklassen 5000-7000 kroner dersom ein ønskjer seg ein ny før sesongen. Ein hybridsykkel passar godt for dei fleste, og dempegaffel er ikkje nødvendig om ein ikkje skal opp Birken. Med stiv gaffel kan ein sleppe unna med ein billegare og lettare sykkel som ikkje krev like mykje vedlikehald som ein sykkel med dempegaffel, seier Vidar Siggervåg, og avrundar med å oppmode både syklande og køyrande om å vise omsyn i trafikken.

LES SAKA I BØMLO-NYTT!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51
ANNONSE