Her er det best arbeidsmiljø, lønn og vekstpotensial og minst stress.

NPK
NPK

Matematikar, universitetsprofessor og statistikar er dei beste yrka i USA, går det fram av ei undersøking som rekrutteringsnettstaden CareerCast har gjort.

CareerCast har vurdert 200 yrke etter faktorar som arbeidsmiljø, lønn, vekstpotensial og stress, og matematikar var det som kom best ut. Matematikar skåra høgt på det meste, ikkje minst på arbeidsmarknad og lønn, skriv Teknisk Ukeblad.

Dessutan er etterspørselen etter matematikarar stor i nesten alle bransjar og i både privat og offentleg sektor, viser undersøkinga.

Og dei verste yrka, ifølgje CareerCast? Jo, det er tømmerhoggar og papiravisjournalist. (©NPK)

Les meir om yrkesval her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

LES OGSÅ

ANNONSE