Ti historier frå Færøyane oppsummerer ungdomsliv over alt.

Sara Myhren Kornberg
Sara Myhren Kornberg
Faktaboks

Skriv i Sanden

Marjun Syderbø Kjelnæs

Samlaget

171 s.

Terningkast: 6

LES FAKTALUKK FAKTA

Skriv i sandener ein samtidsroman for unge. Den handlar om ti ungdommar frå Tórshavn og deira opplevingar i løpet av ei helg. Boka tek opp tema som sex, fyll, religion og homoseksualitet.  



Ærleg og truverdig om ungdomslivet

Handlinga i Skriv i sanden er kanskje sett til Færøyane, men kunne like gjerne vore sett til ein annan småby ein heilt annan stad i verda. Eg trur at alle lesarar som er eller har vore ungdomar kan kjenne seg att i ein eller fleire av karakterane. Forfattaren skriv på ein ærleg og truverdig måte om ungdomslivet som kan svinge mellom himmel og helvete på ei og same helg. 

Marjun Syderbø Kjelnæs (fødd 1974) er ein færøysk barnebokforfattar, poet og sjukepleiar. Ho skriv mest for barn og unge, men har også gitt ut ei diktsamling. Skriv i sanden vann Nordisk Skolebibliotekarforenings barnebokpris i 2011, og same år vart boka også nominert til Nordisk Råds litteraturpris for barn og unge.

Les intervju med forfattaren her!

Skriv i sanden
Eit sentralt tema i romanen er religion. Fleire av ungdomane er på ein eller annan måte involvert i det kristne miljøet i Tórshavn (ifølgje Wikipedia tilhøyrer nesten alle færøyingar eit kristent trussamfunn), og vi møter både dei som trur og ikkje trur. Tittelen Skriv i sanden stammar frå bibelhistoria om kvinna som skulle steinast til døde, men så skriv Jesus noko i sanden og bergar livet hennar.

Historia er kjent for dei fleste, men det som ikkje er kjent, er kva Jesus faktisk skreiv, og romankarakteren Súni undrar: «Skal tru kva Jesus skreiv i sanden? Kva ord skal til for at menneska ikkje skal sette seg til dommarar over andre?»

Han er nemleg redd for å dele hemmelegheita han ber på – at han er homofil og forelska i bestevenen Tróndur. 

Kanskje er dét ein slags moral i boka – at vi ikkje skal dømme og gjere oss opp ei meining om nokon før vi veit heile sanninga.Den færøyske forfattaren skildrar gjerne ei hending frå fleire ulike synsvinklar, noko som bør minne oss om at fordommar er ein farleg ting – for ofte er jo ikkje ting slik vi trur. Eit eksempel frå boka er når Rebecka finn veninna Ásla i dårleg forfatning på soverommet under ein fest. Rebecka har sett Ásla forsvinne opp dit med Tróndur, men no er han borte vekk. Slik eg som lesar opplever dette gjennom karakteren Rebecka, er det lett å tenke at han har forgripe seg på veninna. Når vi så seinare følgjer Ásla sjølv gjennom kvelden, får vi vite at det er noko heilt anna som har skjedd:  Tróndur har fått kalde føter – i tillegg har han sagt noko dumt han ikkje burde sagt – og Ásla har kasta han ut frå soverommet. 


For lesarar i alle aldrar
Kjelnæs skriv i etterordet at ho sjølv er oppvaksen med å gå på religiøse møter, og eg tolkar det slik at mange av historiene hennar har sine røter der. Sjølve etterordet er eit lite kunstverk i seg sjølv, så eg vil anbefale alle å lese også dette. Totalt sett er Kjælnes sitt språk – i Lars Moa si omsetjing – ein fryd å lese. Ásla sin joggetur blir skildra slik: «Den kalde kveldslufta prikkar som tusen knappenåler, verst der huda er berr: mot ansiktet, halsen og dei knytte nevane. Ho gispar og får kvelden ned i halsen.»



Skriv i sanden vart gitt ut på originalspråket allereie i 2010, men først gjort tilgjengeleg for norske lesarar i Moa si omsetjing i år. Det er ei sterk skildring av unge menneske som har ulike problemstillingar knytt til det å leve. Så om du vil kjenne att, forstå eller mimre: Eg anbefaler Skriv i sanden til alle som er – eller ein gong har vore – ungdommar.

Les fleire bokmeldingar her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.51

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE